Marit Synnøve Kjetland

Maskinsjef Jondal-Tørvikbygd - for deg som verdsetter fritid!

Område

Alver

Publisert

5.5.2026

Søk senest

20.5.2026

Om stillingen

1 døgn om bord, 1 døgn hjemme i 2 veker - etterfulgt av 2 veker fri.

Vi søkjer ein engasjert og kompetent maskinsjef til vår stillegåande, elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd.

Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.

På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i 2 veker, deretter har du 2 veker samenhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri. 

Vi vurderer kandidatar fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • FSE e-læringskurs
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

  •  Vi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar.
  • Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på og 2 veker av.

Kontaktinformasjon

Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, [email protected]

Arbeidsstad

Kvalvågnesvegen 681
5956 Hundvin

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5124560302
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026

Tilbake til toppen

Marit Synnøve Kjetland

Bedrift

Marit Synnøve Kjetland

Søk etter flere lignende stillinger

AlverTransport og lager

Lignende stillinger

Shop Manager - Alti Storkaia

Rituals Cosmetics Norway AS

Kristiansund12.5. - 1.6.
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS