Jonas Hovland

Maskinsjef i sambandet Sølsnes-Åfarnes, p.t. MF Eresfjord

OmrådeMolde
Publisert9.10.2025
Søk senest24.10.2025

Om stillingen

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

No har vi ledig fast stilling som maskinsjef i B-ruta i sambandet Sølsnes-Åfarnes, p.t. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Eresfjord.

Kvifor velge Fjord1?

  • Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av. Kun dagvakter. Mogleg å bu om bord, da fartøyet ikkje har ruteproduksjon på natt. 
  • Variert og spennande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Kjekke kollegaer: Bli ein del av eit team med dyktige og hjelpsame medarbeidere.



Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • FSE e-læring
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

Som maskinist på ferje er det viktig at du trivst med å arbeide tett saman med andre over tid, og at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø med ei positiv innstilling. Du kommuniserer tydeleg og respektfullt, både med kollegaer og passasjerar, og har ei serviceinnstilt haldning i møte med våre passasjerar. Samtidig er du fleksibel og tilpassingsdyktig, og handterer endringar og varierte arbeidsoppgåver på ein smidig måte.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar– Moglegheit til å leige hytter og leilegheiter, i tillegg til ulike rabattordningar for tilsette. 
  • Attraktiv skiftordning: 2 veker på og 2 veker av

Klar for å komme ombord?

Då er det berre å kaste loss og sende inn ein søknad – vi gleder oss til å få deg med på laget!

Kontaktinformasjon

Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232

Arbeidsstad


Sølsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5026731696
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2025

Jonas Hovland

BedriftJonas Hovland

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai31.10. - 30.11.
Anbefalt