Marit Synnøve Kjetland

Maskinsjef i ressursgruppa - spennande og variert arbeid i region Vestland

OmrådeBergen
Publisert15.12.2025
Søk senest6.1.2026

Om stillingen

Fjord1 har no ei fast stilling som maskinsjef i ressursgruppa for våre samband i region Vestland

I denne rolla vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som maskinsjef. Du må kunne tilpasse deg endringar og nye situasjonar, og ha evna til å ta raske og gode avgjerder når det trengst.

Dersom du ønskjer ein jobb der ingen dagar er heilt like, og der du får både utfordringar og utviklingsmoglegheiter, er dette stillinga for deg.

Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.

For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehald av maskineri og komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert følgt og at det er samsvar med ISM-koden. 
  • Opplæring av personell under si leiing.
  • Oppgåver knytt til alarminstruks.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt.
  • Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • Føre maskinsdagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat.
  • Høgspentkurs.
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.

    Vi tilbyr

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
    • Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
    • Turnus: 2 veke på og 2 veker av
    • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.

    Kontaktinformasjon

    Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, [email protected]

    Arbeidsstad

    Fv269 5108
    5108 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5054011429
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 06.01.2026

    Marit Synnøve Kjetland

    BedriftMarit Synnøve Kjetland

    Søk etter flere lignende stillinger

    Lignende stillinger

    Cabin Crew

    Emirates

    Dubai30.12. - 31.1.
    Anbefalt