Jobbsafari

Malerikonservator

2 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest10.3.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Om stillinga:

Universitetsmuseet i Bergen
Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, konservering, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 155 årsverk fordelt på 200 tilsette. Nærare informasjon om Universitetsmuseet finn ein her.

Malerikonservator
Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for samlingsforvaltning, er det ledig ein prosjektstilling som malerikonservator med to års varigheit. Stillinga kan verte forlenga. Avdeling for samlingsforvaltning har 27 tilsette og har ansvar for forvaltning, bevaring, konservering og dokumentasjon av museets samlingar og arkiv til forskings- og formidlingsføremål. Den utlyste stillinga er knytt til arbeid med føreståande rehabilitering av Kulturhistorisk museum og Universitetsprosjektet Sikre Samlingar; eit pågåande prosjekt knytt til sikring og flytting av museets kulturhistoriske samlingar.

Det er ønskeleg med snarleg tiltreding.


Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene som malerikonservator i prosjektet vil blant anna omfatte sikring, in-situ behandling og flytting av museets unike samling av bemalt kyrkjekunst frå mellomalderen og etterreformatorisk tid. Vi ønsker en person med bred erfaring med konservering av bemalt kyrkjekunst, både på tre og lerret, som kan utføre arbeidsoppgåver av høy fagleg kvalitet og høge etiske standardar. Arbeidet vil til tider vere fysisk krevjande. Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, men og som del av eit team og bidra til prosjektets faglege utvikling og gjennomføring.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha:

  • Godkjent 2-årig mastergrad eller tilsvarande innan malerikonservering. Utdanning på Bachelor-nivå kombinert med særs relevant erfaring kan erstatte kravet til mastergrad
  • Minimum to års erfaring med sikring og konservering av bemalt kyrkjekunst frå mellomalderen
  • God generell IT-kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og/eller engelsk

Det er ein føremon å ha:

  • Erfaring med behandling av limfargedekor
  • Erfaring med in-situ behandling av kyrkjekunst
  • Erfaring med å arbeide i høgda på stillas
  • Kunnskap og forståing av systematisk HMS-arbeid
  • Førarkort for personbil (klasse B)

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Arbeide sjølvstendig, men og som del av eit team
  • Fleksibel, systematisk, strukturert og nøyaktig
  • Evne til å tenkje og arbeide praktisk, kreativt og breitt
  • Positiv, initiativrik, målretta og løysingsorientert
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø med fysisk krevjande arbeid

Dei som vert tilsett kan ikkje vere allergisk mot støv eller kjemikaliar i ein slik grad at det vil påverke arbeidet.
Det er vesentleg at den som vert tilsett er eigna for stillinga, og personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.


Vi tilbyr:

  • Deltaking i eit spennande og relevant musealt sikrings- og flytteprosjekt
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Gode og engasjerte kollegaer
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i årslønn kr 575 400 – 594 500 brutto. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Camilla C. Nordby, leiar av Avdeling for samlingsforvaltning, E-post: [email protected], Mob: (+47) 97 65 96 32 eller teamleder for Kirkekunstprosjektet Marie-Louise Lorentzen, E-post: [email protected], Mob: (+47) 90 20 00 98 , Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning, arbeidserfaring og publikasjonar (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet I Bergen

BedriftUniversitetet I Bergen
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger