Jobbsafari
Strategisk IKT, Helse Vest IKT

Løysningsarkitekt

1 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest17.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Framtidas helsetenester og digitalisering

Vil du ta del i eit viktig samfunnsoppdrag? Vil du vere med og skape gode digitale løysingar for pasientar og medarbeidarar i helsetenesta?


Helsetenesta står overfor store utfordringar framover. Innovasjon og digitalisering er viktige nøkkelfaktorar i møte med desse utfordringane.

Les meir om Helse Vest si spanande satsing i strategienHelse2035.

Vi treng fleire løysingsarkitektar som kan bidra i dette arbeidet. 

Stillingane inngår i Seksjon for arkitektur og løysingsdesign. Vi leverer kompetanse og teneste som skal gi:

  • Brukarvenlege løysingar og auka nytteverdi for helsetenesta, pasientar og pårørande
  • Løysingar som tek vare på heilskapen og som utnyttar moglegheitene innan digitalisering
  • Ei smidig, innovativ og brukarfokusert gjennomføring av endring

Vi utgjer i dag eit solid fagmiljø innan arkitektur og løysingsdesign med 35 dyktige og engasjerte medarbeidarar. Gjennom vår erfaring med endringsarbeid i Helse Vest har vi opparbeida oss ei solid innsikt i helsetenesta og korleis denne skapar verdi. Kompetanseutvikling og samarbeid står sentralt hos oss. Og vår kultur for deling av kunnskap er høgt verdsett mellom våre medarbeidarar.

Arbeidsstad er Stavanger eller Bergen. Andre lokasjonar på Vestlandet kan og vere aktuelt. 


Arbeidsoppgåver

Som løysingsarkitekt inngår du i team. Sentrale oppgåver for arkitekten er:

  • Kartlegge behov, utføre analyse og føreslå utforming av løysing
  • Bruke metode/verktøy for smidig og brukarorientert tilnærming
  • Visualisere heilskapsperspektivet (applikasjons- og informasjonsarktektur mm.) samt samanheng til andre pågåande endringsinitiativ
  • Fasilitere arbeidsverkstad/workshops
  • Dokumentere behov, framtidig ønska situasjon, etablere vegkart samt krav til løysing

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan informasjonsteknologi eller helsefag
  • Det er ønskeleg med erfaring frå eitt eler fleire av følgjande område:
    • Endringsarbeid/-leiing innan helsesektoren
    • Prosjektleiing/konsulentbistand/rådgjeving i større/komplekse endringsprosjekt
    • Verksemds-/løysingsarkitektur
  • Arbeidsspråk er norsk, og søkar må beherske norsk flytande (munnleg og skriftleg). I tillegg er det ønskeleg at ein beherskar engelsk.

Vi søker du som er sterk på:

  • Å sjå moglegheiter relatert til teknologi/IKT
  • Heilskapsforståing og metodisk tilnærming
  • Å ta initiativ og finne løysingar
  • Å lytte aktivt og spele andre gode med anerkjenning og rausheit
  • Engasjement og humor
  • Å gi og ta imot tilbakemeldingar på ein måte som skapar tryggleik
  • Å dele og be om hjelp

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med motiverte og inkluderande kollegaer
  • Eit stort fagmiljø innan arkitektur og løysingsdesign
  • Fleksible arbeidsordningar, med bl.a. fleksitid og ordningar for heimekontor
  • Løn etter avtale og medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Kontaktinformasjon

Thomas Hatlestad, Konst. Seksjonsleiar, +47 95118103


Tor Helland, Seksjonsleiar, +47 92200014


Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29


5052 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT



Referansenr.: 4776461960


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 17.03.2024



Strategisk IKT, Helse Vest IKT

BedriftStrategisk IKT, Helse Vest IKT
Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.



Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.



Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.



Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Søk etter flere lignende stillinger