Luranetunet avdeling Fjordheim søkjer engasjert sjukepleiar/vernepleiar til 100 % stilling som fagleiar
Om stillingen
Vi har ledig 100 % stilling for ein engasjert sjukepleiar/vernepleiar som vil bidra til utvikling av tenestene for bebuarane i avdeling Fjordheim og ved Luranetunet bu- og behandlingsenter.
Er dette deg?
Arbeidsoppgåver
- Avlaste avdelingssjukepleiar og overta ulike oppgåver i avdelingssjukepleiar sitt fråvær
- Utøve klinisk sjukepleie og delta i dagleg stell og pleie
- Delta i utarbeiding av gode system som sikrar kvalitet og at bebuar sine rettar vert teken i vare.
- Samarbeide med andre helsetenester for å sikre tverrfagleg samarbeid
- Vera ein ressursperson i høve til fagutvikling og internundervisning
Kvalifikasjonar:
Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
Relevant vidareutdanning er ein fordel
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Er oppteken av kvalitet og fagutvikling
- Har evne til å motivere og skape engasjement blant tilsette
- Har evne til å strukturer og koordinere arbeid i ein hektisk kvardag
- Er positiv, kreativ og løysningsorientert
- Bidrar til trivnad og positivt arbeidsmiljø i avdelinga
Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar
Stillinga er i turnus, men ikkje arbeid på natt då Luranetunet har eigne nattevakter fordelt på fem nattevaktlag.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Vi kan tilby:
- 100 % stilling i eit aktivt miljø med fokus på fag og gode kollegaer
- Per i dag har denne stillinga arbeid 4. kvar helg med langvakter. Dersom du ønskjer å jobbe ordinære vakter vil du jobbe 3. kvar helg. Du kan koma med ønskjer i høve til turnus.
- Vi har fokus på heiltidskultur og fleksible arbeidstidsordningar.
- Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
- Luranetunet har plan for internundervisning og det er moglegheit for relevant vidareutdanning.
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Arbeidsstad
Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet Bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar
Avdeling Fjordheim er ei av langtidsavdelingane med 20 bebuarar for personar med demenssjukdom. Dei bur i eigne omsorgsbustadar i 1. etg på Luranetunet med utgang til Sansehagen (ute) og Tropehagen (inne). Vi ønskjer å bli kjent med personen bak sjukdommen, og har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid. Saman med bebuaren, pårørande og andre helsetenester jobbar vi for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt.
Luranetunet sin visjon er ĢVarme og vekst i samspelģ. Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter.
Varme og vekst?står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi har?eigne sjukeheimslegar i faste store stillingar.
Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka?kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Etter utløp søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
.
Link til søknadsskjema: Søk her
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb for kodegjennomgang av AI
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb innen anvendt matematikk
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025Montør, Lumon Norge AS
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 12.3.2025Cabin Crew
Executive Assistant (fixed-term)