Jobbsafari

Lærlingar Produksjon

23 dager siden
OmrådeUlsteinvik
Søk senest31.7.2024
JobbdetaljerLærling
Søk på jobb

Om stillingen

Vil du starte di maritime karriere i Ulstein? Ulstein Verft har lang tradisjon for inntak av lærlingar, og ettersom vi har ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet ønskjer vi deg som er lærevillig og fagleg interessert i skipsbygging.
Vi ser etter deg som kan vere med på å utvikle og skape resultat samstundes som du fullfører ditt læreløp i eit lærererikt og sosialt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

Ulstein Verft har ein velfungerande produksjon med høg kompetanse og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre lærlingar på ein god måte. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø der vi har stor fokus på å utvikle din fagkompetanse.

Vi søker etter interesserte og lærevillige kandidatar innan fylgjande fagfelt:

  • Industrirøyrleggjarfaget
  • Stillasbyggarfaget
  • Industrimekanikarfaget

Hjå oss vil du få fagopplæring etter læreplan, og vi vil fylgje opplæringa di fram til bestått fagbrev. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og kan blant anna innebere prefabrikkering og montering av ulike konstruksjonar. Vidare vil montering av dører, vindauge, eksos, veggar og dekksutrusting kunne vere relevante arbeidsoppgåver ut i frå avdelingstilhørsle. Det vil også bli gitt opplæring i bruk av spesialverktøy og i bruk av ulike material og profiltypar.

Kvalifikasjonar

  • Fullført VG2

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interessert
  • Engasjert
  • Pliktoppfyllande
  • Kvalitetsbevisst
  • God HMS-haldning
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Dyktige fagarbeidarar og rettleiarar som fylgjer deg i heile læretida, og sikrar deg variert praksis
  • Eit godt og etablert læringsmiljø
  • Fleksitidsordning
  • Løn iht. tariff
  • Moglegheiter for relevante kurs

Det er gode moglegheiter for vidare arbeid etter endt læretid.

Kontaktinformasjon

Jan Ove Sørensen, Head of HSE, +47 90016747


Anne Holm Roppen, HR Advisor, 48924332, [email protected]


Arbeidsstad

Osnesvegen 110


6065 Ulsteinvik


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS



Referansenr.: 4830334740


Stillingsprosent: 100%


Lærling


Søknadsfrist: 31.07.2024



Ulstein Verft AS

Lignende stillinger