Jobbsafari
Hyllestad kommune Omsorgstenestene

Lærling innan helsearbeidarfaget

1 måneder siden
OmrådeSørbøvåg
Søk senest24.3.2024
JobbdetaljerLærling

Om stillingen

Hyllestad kommune har ledig 1- 2 læreplassar innan helsefagarbeidarfaget frå hausten 2024 og vi ser fram til å bli kjent med nettopp DEG! 

Arbeidstad :

Omsorgstenestene i Hyllestad.

Arbeidsoppgåver

  • Å lære deg helsefaget
  • Lære å utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
  • Lære å dokumentere
  • Lære å kartlegge, igangsette, gjennomføre og evaluere tiltak
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenestar.

Personlege eigenskaper

  • Du må like å arbeide med menneske
  • Du bør ha evne til å samarbeide for å finne gode løysingar
  • Du må være lærevillig og engasjert i faget
  • Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Kvalifikasjonar

  • VG 1 og VG 2 må vere fullført og bestått før signering av lærekontrakt
  • Godkjent politiattest
  • MRSA- og tuburkulinattest før oppstart

Vi tilbyr

  • Variert og god praksis
  • God oppfølging i læretida
  • Løn under utdanning
  • Spennande arbeidsoppgåver og kjekke kollegaer

Velkommen som søkjar!


Link til søknadsskjema:

Søk her

Hyllestad kommune Omsorgstenestene

BedriftHyllestad kommune Omsorgstenestene
Om bedriften

Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule - for å nemne noko. Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen. Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst. Vi har òg mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre. Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og! Tilgjengeerklæring

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger