Ingrid Andbo

Lærling i logistikkfaget

Område

Bergen

Publisert

29.4.2026

Søk senest

13.5.2026

Om stillingen

Vil du vere med og gjere ein forskjell? 
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig lærlingplass i logistikkfaget ved avdeling Drift.  

Om læreplassen 
Læretida er i utgangspunktet 24 månader. Lønn og arbeidsvilkår følgjer  særavtale om lønns- og arbeidsvilkår for lærlinger og lærekandidater i staten.
Du får opplæring innan læreplanmåla i læreplan i vg3 logistikkfaget (LOG03-02). Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen er godkjend lærebedrift i logistikkfaget.  

Om oss 
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ca. 120 tilsette og held til på Kokstad i Bergen.  

Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging, som omfattar om lag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og om korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan bidra til aktivitet og deltaking i samfunnet.  

Kvart år leverer vi ut over 100 000 hjelpemiddel til innbyggarar i Vestland fylke. No søkjer vi ein engasjert lærling som ynskjer å lære meir om logistikk, og som vil bidra til å gje menneske moglegheiter.  

Arbeidsoppgaver

Arbeid på lageret inneber både administrative oppgåver og praktisk lagerarbeid. Du må rekne med fysisk arbeid, inkludert tunge løft i samband med handtering av varer og utstyr.   

Som lærling vil du mellom anna jobbe med

  • mottak av varer 
  • registrering og plassering på hovudlager og delelager 
  • pakking og sending av varer til kommunane 
  • teljing og kontroll av lagervarer 
  • gjenbruksarbeid 
  • andre oppgåver som må gjerast på avdelinga 

Kvalifikasjoner

For å bli vurdert for læreplassen må du  

  • ha fylt 18 år ved oppstart 
  • ha fullført minimum vg1 transport og industrifag og Vg2 transport og logistikk 
  • ha interesse for logistikkfaget 
  • kunne følgje rutinar og forskrifter, særleg knytt til sikkerheit 
  • ha god IT-kompetanse 

Det er ynskjeleg at du har truckførarbevis. Viss du ikkje har det frå før, kan du ta det hos oss. 

Personlige egenskaper

Vi ynskjer en lærling som 

  • har gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig 
  • har teknisk innsikt og praktisk sans 
  • er motivert, engasjert og serviceinnstilt 
  • kommuniserer tydeleg og godt 

Vi tilbyr

Hos oss får du 

  • grundig innføring i logistikk, kundebehandling, planlegging, forbetringsarbeid og HMS 
  • opplæring i gjeldande regelverk, prosedyrar og instruksar 
  • ei spennande, interessant og variert læretid med gode moglegheiter for utvikling 
  • opplæring og rettleiing frå erfarne fagfolk 
  • planlagde læremål og dokumentert oppfølging minst kvart halvår 
  • minimum to veker hospitering på fagområde vi har mindre av 
  • eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø 
  • moglegheit til å bidra til ei berekraftig framtid 
  • gjennomføring av fagprøve på slutten av læretida 

Kontaktinformasjon

Ingrid Andbo, Avdelingsleiar, 47 99 55 14, [email protected]

Arbeidssted

Kokstaddalen 35
5257 Kokstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5121645435
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 13.05.2026

Tilbake til toppen

Ingrid Andbo

Bedrift

Ingrid Andbo

Søk etter flere lignende stillinger

BergenUtdanning

Lignende stillinger

Brannforebygger - vikariat 1 år

Bergen Kommune

Bergen8.6. - 21.6.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS