Jobbsafari
Furene As Avd Volda

Lærling i Furene avdeling Mekanisk

2 måneder siden
OmrådeVolda
Søk senest15.3.2024
JobbdetaljerLærling

Om stillingen

Med lærekontrakt i Furene AS avdeling Mekanisk vil du få moglegheita til å utdanne deg til fagarbeidar med eit nasjonalt godkjent fagbrev og samtidig få løn under utdanning. I 2024 kan vi på Mekaniske avdeling, ha lærlingstilling som: Lærling Industrimekanikar og Lærling CNC Maskinarbeidar

Hva vi ser etter

Dei tilsette i Furene er like ulike som folk flest. Nokon snakkar mykje, andre er stille. Nokon likar å drage i gong ting, andre likar å støtte dei som dreg i gong ting.

Nokon likar å fortelje gode historier rundt lunsjbordet, andre diskutere fag, fjellturar, fotball eller nyhende. Vi ynskjer å ha ei god blanding og håpar du ser deg sjølv som ein person som kan trivast hjå oss.

Vil du vite meir om Furene AS, klikk deg inn på våre nettsider www.furene.no, eller følg oss på SoMe

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med avdelingsleiar Arnt Egil Brautaset mobil 99254864 eller personalleiar Gro-Lise M Rise på mobil 97487094

Søknadsfrist 15. mars

Arbeidsoppgaver

Vi søkjer ein person som er:

· Påliteleg og har interesse for faget

· Har god HMS haldning

· Er arbeidsvillig

Vi tilbyr

· Dyktige medarbeidarar med ulik erfaring og fagkompetanse som er med å sikre deg variert praksis

· Løn i hht tariff og AIB-overenskomsten

· Moglegheiter for relevante kurs

· Moglegheiter for å delta i produktutvikling ilag med dei andre tilsette og kundar

Furene As Avd Volda

BedriftFurene As Avd Volda
Om bedriften

Furene sitt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknytning til arbeidslivet. Vi gjer dette gjennom tett oppfølging av arbeidssøkjar og eit stort nettverk av arbeidsgjevarar. Gjennom å sjå kvart menneske, syne respekt og vere truverdige i arbeidet, er vi med på å skape FRAMTIDSTRU

Furene AS har eit omfattande samarbeid med næringslivet på Søre Sunnmøre som eit ledd i inkluderingsarbeidet. Vi er også leverandør av varer og tenester til fleire store bedrifter på Søre Sunnmøre. Dette gir oss mange alternativ og stor grad av fleksibilitet for utprøving av arbeidstakarar i ulike typar arbeid, både internt i våre produksjonsavdelingar, og eksternt hos våre samarbeidspartnarar.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger