Jobbsafari
Gvarv skole

Lærerar - 2 x 100 % faste stillingar

1 måneder siden
OmrådeGvarv
Søk senest29.4.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Gvarv skole er ein 10-årig skule og har pr. i dag 370 elevar og 60 årsverk. Skulen ligg flott til i eit innbydande uteområde med tilgang til skog og ulike uteaktivitetar. Vi har eit nytt flott skulebygg som vi er stolte av.

Visjonen vår er: Gvarv skole, en skole for alle. Trygghet, Trivsel og Læring.

100% fast stilling på ungdomstrinnet 

100% stilling på barnetrinnet


Arbeidsoppgåver

For barnetrinnet:

  • Undervise i dei fleste faga
  • Kan bli aktuelt å vere kontaktlærar

For ungdomstrinnet:

  • Undervise i matematikk på ulike trinn
  • Samarbeide med matteseksjonen
  • Undervise i andre fag etter relevant kompetanse
  • Kan bli aktuelt å vere kontaktlærar

For begge stillingane:

  •  Delta i skulens utviklingsarbeid 
  •  Analysere og følgje opp elevanes læring i dei ulike faga
  •  Sørge for at kvar enkelt elev opplev utvikling, mestring og motivasjon
  •  Arbeide for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
  •  Delta i og bidra til eit lærande fellesskap og lærarteam ved skulen
  •  Fremme eit godt samarbeid mellom heim og skule

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  •  Godkjent pedagogisk utdanning grunnskole 1. - 7. trinn eller 5.-10.trinn på universitets-/høgskolenivå.
  •  Godkjent pedagogisk utdanning med referanse til opplæringslov. Primært søkjer vi lærarar med godkjent antall studiepoeng i basisfagene (norsk, matematikk og engelsk) for trinna det skal undervises i. Annan relevant utdanning kan vurderast.

Ønska kompetanse

  • På ungdomstrinnet er det et ønske at søkjaren har matematikk i si fagkrets

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 10-9. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

 Vi søkjer deg som:
  • Er ein trygg og tydeleg klasseleiar og som er oppteken av at læring foregår i eit inkluderande fellesskap, både fagleg og sosialt.
  • Har ambisjonar på elevens vegne og motiverar til læring
  • Bidrar til å skape positive og gode relasjonar til elevar, medarbeidarar og føresette
  • Er fleksibel og lærevillig, kreativ og nysgjerrig 

Personelg egnethet vil bli tillagt vekt i tilsettinga

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og eit støttande og utviklande fagmiljø.
  • Målet er at du skal vere trygg når du arbeider hos oss.
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastast opp i Webcruiter.

Kontaktinformasjon

Marianne Strandberg, Konst. rektor, +47 91395932


Arbeidsstad

Tinghaugvegen 1


3810 Gvarv


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune



Referansenr.: 4798241192


Stillingsprosent: 100%


Fast


Startdato: 01.08.2024


Søknadsfrist: 29.04.2024



Gvarv skole

BedriftGvarv skole
Om bedriften

Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Søk etter flere lignende stillinger