Læreplassar helsefagarbeider 2025

OmrådeØystre Slidre
Publisert22.4.2025
Søk senest30.7.2025

Om stillingen

Øystre Slidre kommune har 1 ledig læreplass i helsearbeidarfaget frå hausten 2025.
Som lærling hjå får du ein plan for opplæringa, og du får mellom anna jobbe på institusjon, i heimetenesta, i tilrettelagte tenester og på dagsenter. Vi har dyktige og erfarne rettleiarar som kan hjelpe deg gjennom opplæringsløpet.  Vi har eit nytt helsetun, somligg sentralt på Heggenes. 

Som lærling skriv du lærekontrakt og arbeidsavtale. Du har dei same rettane og pliktene som andre arbeidstakarar i kommunen.

Etter 2 år som lærling går du opp til fagprøve. Øystre Slidre kommune er tilknytta Valdres opplæringskontor. 
Søkjarar til læreplass må sende søknad med vitnemål/karakterar frå Vg1 og Vg2 (kan leggast til i webcruiter). Gje ein kort beskriving av kven du er, og skriv gjerne kvifor du ynskjer læreplass i vår kommune.  

Søkjarar til læreplass blir vurdert fortløpande


Arbeidsoppgåver

  • Ein helsefagarbeidar har varierte arbeidsoppgåver og har kontakt med menneske i ulike aldrar. Helsefagarbeidaren skal kunne yte profesjonell helsehjelp, og arbeidsoppgåvene vil variere etter pasienten/brukaren sitt behov. 
  • Døme på oppgåver er: omsorg, miljøarbeid, praktisk pleie, ernæring, dele ut medisinar etter gjeldande rutine, og å bidra til at pasient/brukar kan meistre kvardagen og ha god livskvalitet.  
  • Som lærling får du god opplæring i dei oppgåvene ein helsefagarbeidar skal kunne utføre, slik at du kan gå opp til fagprøve når læretida er over. 
  • Som helsefagarbeidar kan du mellom anna jobbe på  sjukeheim, heimeteneste, sjukehus, i psykiatrien og i rusomsorgen.

Kvalifikasjonar

  • Bestått teori innan faget og registrert i VIGO
  • Det er krav om politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du bør vere motivert for å vere lærling, og for å tileigne deg kunnskapen du treng gjennom læretida
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting

Vi tilbyr

  •  Midlertidig tilsetjing i læretida på to år og løn som lærling
  •  Kvalifiserte og dyktige rettleiarar
  •  Eit hyggeleg læringsmiljø
  •  Eit variert og utfordrande arbeid

Det kan vurderast å ta inn fleire lærlingar om det er mange søkjarar

Kontaktinformasjon

Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, 95940309
Rannveig Hovi, Personalkonsulent, +47 97523841

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 4959635232
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2025

Øystre Slidre Kommune

BedriftØystre Slidre Kommune
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Brann, Entring og Sikkerhetsvakt (BES-vakt) på Mongstad, utenfor Bergen

Avarn Security AS

Bergen6/11 - 8/31
Anbefalt