Læreplassar barne- og ungdomsarbeider 2025
Om stillingen
Øystre Slidre kommune har 1 ledig læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget frå hausten 2025
Som lærling hjå får du ein plan for opplæringa, og du jobbar mellom anna i barnehage, på skule/SFO og på ungdomsklubben. Vi har dyktige og erfarne rettleiarar som kan hjelpe deg gjennom opplæringsløpet. Som lærling skriv du lærekontrakt og arbeidsavtale. Du har dei same rettane og pliktene som andre arbeidstakarar i kommunen.
Etter 2 år som lærling går du opp til fagprøve. Øystre Slidre kommune er tilknytta Valdres opplæringskontor.
Søkjarar til læreplass må sende søknad med vitnemål/karakterar frå Vg1 og Vg2 (kan leggast til i webcruiter). Gje ein kort beskriving av kven du er, og skriv gjerne kvifor du ynskjer læreplass i vår kommune.
Søkjarar til læreplass blir vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Barne- og ungdomsarbeidaren skal bidra og delta i aktivitetar og læringssituasjonar i mellom anna barnehage og skule/SFO. Ein barne- og ungdomsarbeidar jobbar med grupper og enkeltpersonar med ulik bakgrunn. Du skal jobbe ut frå barn og unge sine føresetnader som alder, funksjonsnivå og livssituasjon.
- Jobben er å vere med barna i aktivitetar og daglege gjeremål,og samtidig planlegge og tilrettelegge aktivitetane. Du skal vere vaksenperson som dei kan forhalde seg til.
- Som lærling får du god opplæring i dei oppgåvene ein barne- og ungdomsarbeidar skal kunne utføre, slik at du kan gå opp til fagprøve når læretida er over.
Kvalifikasjonar
- Bestått teori i faget og registrert i VIGO
- Det er krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Du bør vere motivert for å vere lærling, og for å tileigne deg kunnskapen du treng gjennom læretida
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting
Vi tilbyr
- Midlertidig tilsetjing i læretida på to år og løn som lærling
- Kvalifiserte og dyktige rettleiarar
- Eit hyggeleg læringsmiljø
- Eit variert og utfordrande arbeid
Det kan vurderast å ta inn fleire lærlingar dersom det er mange kvalifiserte søkjarar
Kontaktinformasjon
Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, 99500955Rannveig Hovi, Personalkonsulent, +47 97523841
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4959629634
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2025