Læreplass som ernæringskokk

OmrådeØystre Slidre
Publisert24.4.2025
Søk senest30.7.2025

Om stillingen


Øystre Slidre kommune har 1 ledig læreplass som ernæringskokk (institusjonskokk) frå hausten 2025.

Som lærling får du ein plan for opplæringa, og du har arbeidsplass på kjøkkenet på Øystre Slidre helsetun. Vi har lang erfaring med å ha lærlingar, og vi legg til rette for deg opplæringsløpet.  Helsetunet var nytt i 2021, og kjøkkenet er moderne og tilrettelagt.

Som lærling skriv du lærekontrakt og arbeidsavtale. Du har dei same rettane og pliktene som andre arbeidstakarar i kommunen. Læretida varar i 2år.
Etter 2 år som lærling går du opp til fagprøve. Øystre Slidre kommune er tilknytta Valdres opplæringskontor. 
Søkjarar til læreplass må sende søknad med vitnemål/karakterar frå Vg1 og Vg2 (kan leggast til i webcruiter). Gje ein kort beskriving av kven du er, og skriv gjerne kvifor du ynskjer læreplass i vår kommune.  

Søkjarar til læreplass blir vurdert fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Som lærling får du god opplæring i dei oppgåvene ein ernæringskokk skal kunne utføre, slik at du kan gå opp til fagprøve når læretida er over. Kjøkkenet på helsetunet lagar mat til bebuarar på helsetunet, til heimebuande eldre, og til kantine for tilsette. Som lærling får du ta del i dei daglege oppgåvene på kjøkkenet. 

Ein ernæringskokk skal kunne :

  • tilbrede kald og varm mat , både spesialkost , kvardagsmat og selskapsmat 
  • ha kunnskap om ernæring , kosthald og helse og kunne tilpasse mat og rettar etter ulike behov
  • bidra til å skape matglede
  • ha kunnskapar om regelverket innanfor hygiene og hms 

Kvalifikasjonar

  • Bestått teori innan faget og registrert i VIGO
  • Ha gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du bør vere motivert for å vere lærling, og for å tileigne deg kunnskapen du treng gjennom læretida
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar og motivasjon ved tilsetting

Vi tilbyr

  •  Midlertidig tilsetjing i læretida på to år og løn som lærling
  •  Kvalifiserte og dyktige rettleiarar
  •  Eit hyggeleg læringsmiljø
  •  Eit variert og utfordrande arbeid

Kontaktinformasjon

Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, 95940309
Anne Toril Kjonerud, Kjøkkensjef, +47 41520204

Arbeidsstad

Bygdinvegen 2120
2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 4960160440
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 31.07.2025

Øystre Slidre Kommune

BedriftØystre Slidre Kommune
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Brann, Entring og Sikkerhetsvakt (BES-vakt) på Mongstad, utenfor Bergen

Avarn Security AS

Bergen6/11 - 8/31
Anbefalt