Jobbsafari

Lærarstillingar i grunnskulen

1 måneder siden
OmrådeHeggenes
Søk senest20.6.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Arbeidet i skulen er spennande og varierande. Øystre Slidre kommune erkjenner at ein i for stor grad kan bruke tid på enkeltsaker og andre oppgåver. Vi arbeider derfor med å endre tidsbruken meir over til fag og undervisning. Vi meiner det er viktig at lærarane i mest mogleg grad får undervise i faga dei har. For å lykkast er det viktig med god kollegastøtte, og at vi saman i alle ledd, frå administrasjonen i kommunen til kvar enkelt tilsett, legg til rette for gode arbeidskvardagar med elevane i sentrum. Vi har eit godt grunnlag å bygge på med gode, engasjerte tilsette. Synast du dette virkar spennande, håpar vi du vil søke jobb hjå oss. 

Det er ledige stillingar på Lidar skule og Øystre Slidre ungdomsskule:

Lidar barneskule vil ha 98 elevar skuleåret 24/25. Det er 7 klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.
Frå hausten organiserer vi oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga.
Øystre Slidre ungdomsskule vil ha 113 elevar skuleåret 24/25. Vi jobbar i hovudsak i team, men og i ein to-lærar funksjon. I to-lærarfunksjonen samarbeidar faglærarane på tvers av trinna. Mykje av samarbeidet i basisfaga foregår i fagseksjonar som vi set av tid til gjennom skuleåret.

Det kan bli fleire ledige stillingar og behov for undervisningskompetanse i andre fag. Det er også behov for tilkallingsvikarar i kommunen. 


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  •  Kontaktlærarfunksjon
  •  Vera med å skape aktivitet og tryggleik i skulemiljøet
  •  Delta aktivt i utviklingsarbeidet i skulen

Kvalifikasjonar

  • Lærarar med trygg god klasseleiing som legg til rette for fagleg fokus
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Lidar skule:
Lidar skule har behov for lærarar med fagkompetanse i musikk, kroppsøving og engelsk. Andre fag er også aktuelt. 

Øystre Slidre ungdomsskule: 
Vi har i hovudsak behov for lærarar i norsk, engelsk, tysk og musikk. Andre fag kan vera aktuelle. 

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. 

For elevane i Øystre Slidre er det viktig at du:

  • er ein trygg klasseleiar 
  • er ein tydeleg vaksen som rettleiar elevane når dei treng det
  • kan bygge gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
  • har gode samarbeidsevner, er fleksibel, robust og er ein god lagspelar
  • har fokus på fagleg og sosial læring og utvikling
  • ser verdien av og tek initiativ til å løyse oppgåver og utfordringar saman i team
  • har ynskje om å utvikle deg vidare som lærar saman med profesjonsfellesskapen

Vi tilbyr

Når du kjem til oss i Øystre Slidre, vil du møte vaksne som er opptekne av relasjonsskaping, fagleg utvikling og samarbeid. Tilsette ved skulane har gode verdiar for samhandling med elevar, foreldre og kolleger. På skulen hjå oss verdset vi høgt det å ha eit godt miljø. Respekt, samarbeid, lagspel og humor er viktige faktorar i kvardagen. Elevane våre er i læring til å bli best mogleg rusta til å møte samfunnet som vaksne personar. Ledelsen på vår skule er og oppteken av å vere ei støtte og tilstades for personalet sitt. Vi opplever at vi samarbeider godt med elevane våre og dei treng tydelege vaksne som kan rettleie dei når det trengs. Vi har gode skulebygg og uteområde/lokalområde som innbyr til uteskule og allsidig aktivitet.
Som nyutdanna får du både individuell rettleiing og grupperettleiing. 
Kontaktlærarane i Øystre Slidre får utvida tid til kontaktlæraroppgåver dersom du har fleire enn 15 elevar. Det blir fleire kontaktlærarar dersom trinnet har meir enn 20 elevar.

Vi oppfordrar og legg til rette for vidareutdanning.

Lærarar har telefongodtgjering.

Kommunen kan tilby gode forsikrings- og pensjonsordningar og flyttegodtgjering.
Vi oppfordrer også lærarstudentar til å søkje. Er studiet lagt opp slik at du kan kombinere det med jobb, vil du skaffe deg nyttig erfaring. Dersom du kan jobbe 50% eller meir, får du ekstra tilrettelegging frå kommunen.

Kontaktinformasjon

Siv Aina Theodorsen, Rektor ØSUS, 41761631


Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813


Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989


2940 HEGGENES


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4823341783


Stillingsprosent: 100, 50, 60%


Fast


Søknadsfrist: 20.06.2024



Øystre Slidre Kommune

BedriftØystre Slidre Kommune
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger