Jobbsafari
Sula ungdomsskule, Sula kommune

Lærarstilling - fast / tidsavgrensa

1 måneder siden
OmrådeLangevåg
Søk senest17.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Sula kommune ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode oppvekstvilkår. Sula kommune er ei framtidsretta kommune der alle elevar har eigen iPad. 

Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg. Neste skuleår har vi om lag 435 elevar og 55 tilsette. Vi set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget. Visjonen vår er "aktivt lærande elevar i ein inkluderande skule", der innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og meistringstru.

Grunna overgang til pensjon, permisjonar og vidareutdanning så har vi neste skuleår behov for inntil 1300% stilling som lærar ved skulen. Det er snakk om både faste og tidsavgrensa stillingar.


Arbeidsoppgåver

Alle fag er aktuelle.

Ein må pårekne kontaktlærarfunksjon.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Den som blir tilsett må beherske både norsk skriftleg og munnleg. Søkjar må også kunne nytte nynorsk.

Vi krev undervisningskompetanse for ungdomstrinnet.

Søkjar må kunne nytte digitale verktøy.

Vi søkjar deg som er glad i å samarbeide, er løysingsorientert og som likar å utvikle profesjonen din.

Du er ein tydeleg klasseleiar som er god på relasjonsbygging og trivast i lag med ungdom. 

Sula ungdomsskule er ein skule med eit stabilt og støttande personale med god aldersblanding. Personalet samarbeider tett om fag og elevar, med blant anna to kontaktlærarar per klasse. Skulen har stort fokus på læring, vurdering, klasseleiing og på utvikling av profesjonen vår. 

Lønn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk.

Kontaktinformasjon

Pål Andre Holen, +47 70198701


Arbeidsstad



Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4775176570


Stillingsprosent: 100%


Fast, Engasjement


Søknadsfrist: 17.03.2024



Sula ungdomsskule, Sula kommune

BedriftSula ungdomsskule, Sula kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger