Jobbsafari
Langevåg skule, Sula kommune

Lærarar - faste stillingar og vikariat

1 måneder siden
OmrådeLangevåg
Søk senest13.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Langevåg skule søker lærarar for komande skuleår. Vi skal tilsette både i faste stillingar og i vikariat, totalt ca. 7 heile stillingar.


Skulen har om lag 540 elevar frå 1.-7. trinn og  SFO og er samlokalisert med kulturskulen.



Vi har eit godt arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til flotte naturområde med både fjell, vatn og turstiar.


Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i klassar og/eller styrking i klassar eller mindre grupper.
  • Kontaktlærar
  • Delta og forplikte deg i pedagogisk utviklingsarbeid i vårt profesjonsfellesskap, på trinn og i kollegiet generelt. 
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet for dine grupper og elevar saman med kollegaer.
  • Heim/skule-samarbeid og eksternt samarbeid.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer lærarar (master, adjunkt eller anna pedagogisk utdanning godkjend for grunnskulen) og har særleg behov for kompetanse innan fagfelta matematikk, engelsk og spes.ped, men har og behov for andre fag og lærar i grunnleggande norsk for framandspråklege born. 

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein kollega som:

  • viser engasjement, har stor arbeidskapasitet og godt humør.
  • likar å samarbeide, dele og reflektere i eit læringsfellesskap.
  • legg innsats i og ser verdien av eit godt heim-skule-samarbeid.
  • er oppteken av eit trygt og godt skulemiljø.
  • er positiv og ønskjer å bidra sosialt både inn mot elevar og tilsette.
  • er oppteken av elevane si faglege og sosiale læring og utvikling

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert kollegafellesskap. 
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Lønn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Ole Martin, Rektor, 40008352, [email protected]


Harald Weibust, Undervisningsinspektør, 91626173, [email protected]


Guri Vidhammer, Undervisningsinspektør, 90952272, [email protected]


Arbeidsstad

Bratthaugmyra 39


6030 Langevåg


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4776007507


Stillingsprosent: 100%


Fast


Startdato: 01.08.2024


Søknadsfrist: 13.03.2024



Langevåg skule, Sula kommune

BedriftLangevåg skule, Sula kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger