Lærar i teknologi- og industrifag
Om stillingen
Om stillinga
Austevoll vgs er ein yrkesfagleg vidaregåande skule som har utdanningstilbod innan naturbruk, fiske og fangst, akvakultur, teknologi- og industrifag og maritime fag. Skulen har 16 klassar, 240 elevar og 43 tilsette.
100 % fast stilling som lærar i teknologi- og industrifag.
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
31.07.2026
Arbeidsgivar:
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel:
Lærar i teknologi- og industrifag
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
5150345069
Sosial deling :
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Stillinga inneber å undervise elevar både i teori og praktiske fag. Mykje av opplæringa vil finne stad i den mekaniske verkstaden til skulen. Du vil arbeide i team saman med dei andre lærarane i dei tre klassane våre i teknologi- og industrifag.
Elevane våre på vg1 teknologi- og industrifag skal oppnå grunnkompetanse i dei mekaniske faga, slik at dei kan søke seg vidare til bl.a. vg2 maritime fag, brønnteknikk, automatisering, bilskade, lakk og karosseri.
Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Kvalifikasjonar
Me søker personar med høgare yrkesteoretisk utdanning (fagskule) eller høgskule innan mekaniske fag, industrimekanikar, platearbeidar, sveisar, motormekanikar, skipsmotormekanikar, CNC operatør, elektro eller anna relevant utdanning.
Søkjarar med fag- og svennebrev, samt arbeidserfaring kan søke, men vil då måtte ta manglande yrkesteoriutdanning i ettertid.
Du må ha praktisk pedagogisk utdanning for å kunne undervise på vidaregåande skule. Personar utan praktisk pedagogisk utdanning kan òg søke stillinga, men må då ta denne utdanninga innan 3 år etter tilsetjing. Denne utdanninga er samlingsbasert slik at du kan arbeide samstundes som du tek praktisk pedagogisk utdanning.
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
Du må vere flink til å skape gode relasjonar med elevane og kunne samarbeide godt med andre faglærarar. Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald. Du må ha god formidlingsevne og kunne sjå kvar elev og nivåretta undervisninga slik at elevane opplev meistring i faget. Du må ha eit godt humør og gjere undervisninga lystbetont og engasjerande. Du må ha fokus på HMS og kunne jobbe sjølvstendig og målretta.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
Adresse:
Opne vegbeskriving (i ny fane)
Kontaktinformasjon
Vivian Bjånesø Horgen
rektor
Telefon: 40221441
Om arbeidsgivaren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

- Austevoll vgs er ein skule i vekst og me er oppteken av å kunne tilby elevane våre ei relevant, yrkesretta og moderne utdanning. Me kan tilby eit godt og triveleg arbeidsmiljø på ein flott skule. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Andre opplysningar:
I følgje offentleglova §25.2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
Det er krav om politiattest.
Adresse:
Opne vegbeskriving (i ny fane)
Kontaktinformasjon
Vivian Bjånesø Horgen
rektor
Telefon: 40221441
Om arbeidsgivaren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Vestland Fylkeskommune
Bedrift
Vestland Fylkeskommune