Jobbsafari
FIR - FIRDA VGS, Vestland fylkeskommune

Lærar i norsk, inntil 50 % vikariat

OmrådeGloppen
Publisert10.12.2024
Søk senest28.12.2024

Om stillingen

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar og om lag 60 tilsette. Store delar av skuleanlegget er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama. Dei siste åra har skulen hatt ei sentral rolle i å utvikle gode opplæringstilbod for vaksne både gjennom Gloppen modellen og i samarbeid med nettskulen i Vestland fylkeskommune. 

Frå 02.01.2025 - 31.07.2025 har vi ledig inntil 50 % vikariat som lærar i norsk.


Arbeidsoppgåver

Vi ser etter ein lærar med kompetanse innanfor fagområdet norsk. Vi søkjer etter ein lærarar med god fagleg og pedagogisk kompetanse som set eleven i sentrum og har evne og lyst til å skape gode læringsarenaer. Den som vert tilsett må ha god digital kompetanse. Vi ynskjer oss ein medarbeidar som saman med resten av dei tilsette ved skulen kan vere med å skape eit profesjonsfellesskap som er prega av stoltheit, openheit og tryggleik. 

Kvalifikasjonar

Høgskule eller universitetsutdanning i aktuelle fag. PPU eller anna godkjent undervisningskompetanse og  gode didaktiske og pedagogiske ferdigheiter.

Personlege eigenskapar

- Kan jobbe prosjektbasert og i team
- God på relasjonsbygging og god evne til å kommunisere og vere i dialog
- Arbeide sjølvstendig Kreativ og løysningsorientert

Vi tilbyr

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk 
  • Pensjons- og forsikringsordningar 
  • Godt fag- og arbeidsmiljø

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir ōg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar. Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader.
Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.
Søknadsfrist 29.12.2024
Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til assisterande rektor Magne Larsen, tlf 415 30 887 eller rektor Hallgeir Hansen, tlf 415 30 885.

Kontaktinformasjon

Magne Larsen, ass. rektor              , 41530887, [email protected]
Hallgeir Hansen, rektor                        , 41530885

Arbeidsstad

Firdavegen 21
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4895198577
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 02.01.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 29.12.2024

FIR - FIRDA VGS, Vestland fylkeskommune

BedriftFIR - FIRDA VGS, Vestland fylkeskommune
Om bedriftenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Søk etter flere lignende stillinger