Sotra vidaregåande skule

Lærar i kroppsøving, vikariat

Område

Øygarden

Publisert

30.6.2025

Søk senest

2.8.2025

Om stillingen

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studieførebuande. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena basert på tillit og respekt for kvarandre.


Vi søkjer etter ein vikar i kroppsøving i 10% stilling for skuleåret 2025 / 2026.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i kroppsøving.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega og skuleleiing.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.
  • Samarbeide med kollega om elevane si læring og utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse i kroppsøving, gjerne kombinert med andre fag som skulen tilbyr.
  • Pedagogisk utdanning.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Gode norsk-kunnskapar munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du har stort engasjement for faget.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette. 

Andre opplysningar

Den som blir tilsett må kunna leggja fram politiattest

Kontaktinformasjon

Jaspreet Kaur Gloppen, avdelingsleiar, 41292347
Erik Henneli, Assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor                        , 93034370

Arbeidsstad

Branndalsmyra 61
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4990253113
Stillingsprosent: 10%
Vikar
Startdato: 11.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 03.08.2025

Tilbake til toppen

Sotra vidaregåande skule

Bedrift

Sotra vidaregåande skule

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Søk etter flere lignende stillinger

ØygardenUtdanning

Lignende stillinger

100% avtalehjemmel ved Ytre-Arna fysioterapi og trening - Allmennfysioterapi

Bergen Kommune

Bergen21.4. - 6.5.
Ny
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS