Lærar i Hundesport – 100 % vikariat
Om stillingen
Lærar i hundefag - undervisning og formidling
Vi har ei ledig lærarstilling i 100 % frå 1. januar 2026. Stillinga er eit vikariat som varer ut skuleåret 2025/26.
Du må kunne undervise i hundesport og hundeliv generelt, i prosjekt, valfag og dei turane skulen tilbyr. Du bør ha gode samarbeids- og sosialpedagogiske evner, brei fagkunnskap og god menneskekunnskap. Ein må rekne med ein del turdøgn og overnatting i stillinga.
Du vert ansvarleg for alt som gjeld hundehald på skulen: treningsbaner, buforholda for hundane og utstyr.
Stillinga inneheld:
undervisning på linja Hundesport , samt valfag, fellesfag, prosjekt og turar
vedlikehald og oppgradering av utstyr og fasilitetar
utvikling av linjetilbodet og rekruttering til linja
sosialpedagogisk arbeid og tilsyn
Vi søkjer ein lærarutdanna pedagog med gode undervisnings- og formidlingsevner. Du har god pedagogisk innsikt, er flink til å omgå ungdom i utvikling, og har brei og allsidig fagkunnskap og -forståing. Det er ønskeleg med erfaring frå undervisning og instruksjon innan hundehald.
Det er ein fordel om du kjenner til folkehøgskulen.
Du likar å undervise både teoretisk og praktisk, og du er fleksibel, romsleg og god med ungdom.
Innanfor læreemna har ein i folkehøgskulen stor fridom til å lage sine eigne opplegg. Vi ønskjer ein person som kan vere med og vidareutvikle linja, så vel som skulens totale tilbod. Sjå www.hardanger.fhs.no for læreemna på linja.
I søknaden må du skrive noko om korleis du ønskjer å undervise, kva type lærar du vil vere, og kva læreemne du vil leggje vekt på i linjefaget. Du må òg skrive noko om kva valfag du ser for deg å kunne tilby.
Du må ha førarkort for personbil.
Løn etter kvalifikasjonar og erfaring/ansiennitet.
Politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Søknad med CV og referansar sendast til [email protected] snarast. Søknadane vert behandla fortløpande.
