Olav Lee

Lærar i Bygg- og anleggsteknikk

OmrådeØygarden
Publisert4.11.2025
Søk senest19.11.2025

Om stillingen

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialising. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.

Vi har fått auka tal på elevar og søkjer etter ein lærar i Bygg- og anleggsteknikk i 100% fast stilling.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning innan programområdet Bygg- og anleggsteknikk, Vg1, Vg2.
  • Undervisning på kurs og vaksenopplæring kan bli aktuelt.
  • Praktisk og teoretisk undervisning innan byggfaga.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega,  og skuleleiing.
  • Halde seg informert om utvikling i bransjen.
  • Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev og arbeidserfaring i eit eller fleire av faga i programområdet Bygg- og anleggsteknikk.
  • 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
  • Ønskjeleg med allsidig erfaring frå byggebransjen.
  • Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være eit føremon.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
  • Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
  • Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at manglande fagleg og pedagogisk utdanning blir tatt.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du har stort engasjement for faget.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette. 

    Andre opplysningar
  • Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
  • Det er ønskjeleg med snarleg tilsetting.
  • For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som  yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.

Kontaktinformasjon

Irene Tellnes Eide, avdelingsleiar, 93229124
Erik Henneli, assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor                        , 93034370

Arbeidsstad

Finkelhølsvegen 10
5382 Skogsvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5036849171
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2025

Olav Lee

BedriftOlav Lee

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt

Vi søker dyktige og engasjerte miljøterapeuter til én fast 100% stilling og ett 100% vikariat.

Oslo kommune, Barne- og familieetaten

Oslo12.12. - 25.12.
Ny