Malin Lunde

Lærar

OmrådeHøyanger
Publisert26.2.2026
Søk senest12.3.2026

Om stillingen

Bjordal skule har ledig 60 % fast lærarstilling frå 01.08.26.

Søkjarar må ha godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Fagbehova er i prioritert rekkjefølgje norsk og samfunnsfag, begge for 8-10. Søkjarar må ha minimum 60 stp i norsk, 30 stp i samfunnsfag.

Vi legg vekt på:

-          God relasjonskompetanse

-          Positivitet

-          Fagleg engasjement

-          Fleksibilitet

-          Gode samarbeidsevner

Høyanger kommune kan tilby:

-          Høve til kompetanseutvikling 

-          Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”. 

-          Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ 

-          Lønn etter gjeldande tariffavtale. Rekrutteringstillegg kan tilkomme.

-          Gode pensjons- og forsikringsordningar

Det er sterkt ønskjeleg at søkjarar har god digital kompetanse, erfaring frå klasseleiing og undervisning ved få-delt skule. 

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Bjordal skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune?  Ta kontakt med Jolanta Førde på tlf. 99116562  eller Aina Brendsdal Forthun på tlf. 99257926 og høyr deira erfaringar

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.


Link til søknadsskjema: Søk her

Malin Lunde

BedriftMalin Lunde

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Barnehagelærer By barnehage

Åfjord Kommune

Åfjord16.4. - 22.4.
5 dager igjen