Logistikkmedarbeider
Om stillingen
Medisinsk heimebehandling (MEDHB) har ledig 70% fast stilling som logistikkmedarbeider
Medisinsk heimebehandling (MEDHB) er organisert som ein seksjon under Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) i Medisinsk klinikk.
Vi er eit tverrfagleg miljø på 10 personar som held til i Tefrevegen 45, men skal flytte til sentralsjukehuset i løpet av 2024.
I Sogn og Fjordane er det omlag 7000 pasientar som får medisinsk heimebehandling. Seksjonen har som hovudoppgåve å koordinere heimebehandlinga, som ei forlenging av behandlinga i sjukehuset. Vi er samansett av roller som ordre, teknisk, logistikk og transport, og jobbar tett med dei kliniske avdelingane i sjukehuset.
Helse Førde er i omstilling både innan areal, men også organisatorisk. Den som blir tilsett må vere innstilt på å delta i dei endringane som kjem.
Arbeidsoppgåver
- Materialplanlegging og lageradministrasjon
- Bestilling av varer og oppfølging av leveransar
- Varemottak og påfylling
- Pakking og sending av medisinsk utstyr og materiell
- Interntransport ved behov
- Stillinga vil krevje kommunikasjon med helsepersonell og pasientar
- Seksjonen er i omstilling og arbeidsoppgåvene kan bli endra
Kvalifikasjonar
- Du har fagbrev innan logistikk, eventuelt kan annen relevant vidaregåande skule og erfaring kompensere for dette kravet
- Du har sertifikat kl.B (personbil)
- Du er godt vand med bruk av PC, og set deg lett inn i nye datasystem
- Det kan vere nyttig å ha erfaring frå helsesektoren
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du jobbar sjølvstendig, systematisk og effektivt
- Du taklar eit tidvis høgt tempo
- Du er god på kommunikasjon
- Jobben inneber tidvis tunge løft mellom etasjar sidan det er trapper i lagerarealet
- Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i lønsgruppe 2/3
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høve til å delta i utvikling av den samla tenesta
- Full opplæring i bruk av våre dataløysingar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Rune Kirkebø, Seksjonsleiar, +47 952 49 405Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4758530698
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 29.02.2024
Medisinsk heimebehandling, Helse Førde
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Barnehagemedarbeider
Bergen - Unneland Barnehage - Publisert 24.1.2025Assistent / fagarbeider
Bergen - Læringsverkstedet Krokusbakken Barnehage AS - Publisert 24.1.2025Byggeleder konstruksjon
Stange - Bane Nor Sf - Publisert 24.1.2025Senior Prosjektleder for vedlikehold og driftsforbedring
Oslo - Bane Nor Sf - Publisert 24.1.2025Karlsøy Frivilligsentral søker daglig leder i vikariat
Karlsøy - Karlsøy Frivilligsentral - Publisert 24.1.2025