Om stillingen
Om arbeidsstaden
Økonomi og IT har 7 tilsette og har heile spekteret av økonomioppgåver i ein kommune. Vi held til i lyse og trivelege lokaler i kommunehuset som ligg ca. 5 minutts køyring frå ferjeleie. Gratis ferje for alle reisande med bil til og frå øya!
Om stillinga
Austevoll kommune har ledig 100% vikariat som lønskonsulent.
Stillinga er ledig snarast, med moglegheit for forlenging.
Som lønskonsulent rapporterer du til økonomisjef.
Stillinga har eit tett samarbeid med personal og organisasjonsutvikling og andre eininger som du gjer bistand til i forbindelse spørsmål angåande løn.
Arbeidsoppgåver og ansvar
- Lønskjøring fra a-å. Syte for korrekt løn til tilsette og gjennomføre alle naudsynte innberetningar
- Behandling av lønsbilag og personalmeldingar
- Behandling av reiserekningar og utleggsrefusjon
- Rapportering til myndigheiter, fagforeiningar og pensjonsleverandør
- Rådgjeving for tilsette og leiarar innan Løn
- Delta i økonomiavdelinga sine interne daglege rutinar
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
Søkjar må ha:
- Høgare utdanning innan rekneskap, løn og økonomi på minimum bachelornivå
- Lang arbeidserfaring innan lønsfeltet kan erstatta utdanningskravet
- God IKT-kompetanse
Søkjar bør ha:
Erfaring frå arbeid med løn i offentleg eller privat verksemd
Erfaring innan bokføring og avstemming av lønn
Solid forståing og interesse for digitalisering og IKT system
Kjennskap til norsk lov- og avtaleverk, som ferie- og trygdelovgivning, tariffavtaler og pensjonsreglement
Kjennskap til Visma Enterprise ERP system
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg
- Løysingsorientert og fleksibel
- Strukturert og nøyaktig
- Serviceinnstilt og omgjengeleg
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Evne til å arbeide under til tider knappe tidsfristar
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Austevoll Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 27.12.2024Butikkmedarbeider for sommersesongen - Flåm
Aurland - Flåm Ferdaminne AS - Publisert 12.1.2025Butikkmedarbeider hos Bagorama Alta
Alta - Magasin Nord As/Bagorama - Publisert 12.1.2025YX Brødløs bensinstasjon søker Butikkmedarbeider
Halden - Brødløs AS - Publisert 12.1.2025Nordsihaugen familiebarnehage søker barnehageassistent ? vikariat med oppstart i februar 2025.
Steinkjer - Nordsihaugen Familiebarnehage AS - Publisert 12.1.2025