Margit Karin Himle

Løn er hjarta i ein kvar bedrift – vil du vera vår neste lønshelt?

OmrådeVoss
Publisert26.11.2025
Søk senest31.12.2025

Om stillingen

Me søkjer lønsansvarleg til vårt trivelege team på Voss/Aurland.

Er du glad i tal, system og struktur – men òg i folk og gode kollegaer?
Hjå oss i Økonomisenteret Voss AS får du moglegheita til å jobbe med lønn og HR-tenester i eit inkluderande og uformelt miljø der fagleg kvalitet og trivsel går hand i hand.

Vert med du og!

Dine oppgåver vil mellom anna vera:

·        Ansvarleg for vårt lønsteam

·        Lønskøyring for eigen lønsportefølje

·        Fylgjer opp refusjonar og kommuniserer med NAV på vegne av våre kundar

·        Bistå kundar med spørsmål om lover, reglar og lønsrutinar

·        Utvida HR-tenester til våre kundar

 Me ser for oss at du har:

·        Erfaring frå lønnsarbeid eller rekneskap

·        God systemforståing og nøyaktig arbeidsmåte

·        Ein positiv haldning og motivasjon til å bidra i eit fagleg sterkt miljø

·        Du har god kjennskap og interesse for lover og regler innan løn, og kan arbeida strukturert med faget

·        Du har gjerne erfaring med generelt rekneskapsarbeid

·        Gode IT-kunnskapar

Hjå oss får du:

·        Ein triveleg arbeidsplass med gode kollegaer

·        Eit miljø der me heiar på kvarandre og deler kunnskap

·        Høg grad av sjølvstende og tillit

·        Konkurransedyktige vilkår og fleksibel arbeidstid

·        Arbeidsstad: Vangsgata, Voss (alternativt kontor i Aurland)

·        Oppstart etter avtale

Me trur du har ein positiv innstilling og smiler sjølv om det er hektisk, noko det ofte er rundt lønskøyringane.  Du er organisert, strukturert og nøyaktig – og set di ære i riktig lønn til riktig tid. Kundar og kollegaer trivs med korleis du samarbeida og kommunisera. Du planlegg og nyttar ressursar effektivt, og er komfortabel med digitale verktøy for å forbetre arbeidsprosessar.

Oppstart: Etter avtale

Søknadsfrist: vi behandler søknader fortløpende

Vil du vera med og kombinera rekneskap og teknologi i eit framtidsretta fagmiljø? Send oss søknaden din – me gler oss til å høyre frå deg!

Kontaktperson:

Margit Karin Himle

Tlf: 976 54 007

E-post: [email protected]

Margit Karin Himle

BedriftMargit Karin Himle

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Electrical Senior Engineer - EITA MTO/Bulk

Ikm Gruppen AS

Asker14.1. - 22.1.
Ny