Ingvild Svåsand

LIS 2/3, fødselshjelp og kvinnesjukdommar

OmrådeHaugesund
Publisert14.11.2025
Søk senest30.11.2025

Om stillingen

Søkjer du etter ei spennande utfordring?

Kirurgisk klinikk lyser ut 3 vikariat som LIS 2/3 innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar. Vi har følgende ledige vikariat: 1 vikariat med oppstart frå november/desember 2025, og 2 vikariat med oppstart frå februar/mars 2026. Stillinga inngår i ei 8-delt tilstadevaktteneste.

Avdelinga har 12 overlegestillingar og 8 LIS-stillingar. Avdelinga har 1300 fødslar årleg med fødande frå Haugesundsregionen, samt risikofødslar frå Stord og Odda. Avdelinga har høg kvalitet i både gynekologi og fødselshjelp. Fertilitetsavdelinga ved Helse Fonna er mellom dei fremste i landet.

Oppstart etter avtale.


Kva går jobben ut på?

Klinisk arbeid på avdelingens poliklinikk, sengepost og operasjonsstue:

  • Gynekologisk avdeling
  • Føde/barsel avdeling
  • Poliklinikk
  • Ø.hjelps mottak
  • Elektiv og akutt kirurgi
  • Deltagelse i avdelingens undervisning
  • Rapportere og dokumentere i henhold til gjeldande lov og prosedyre

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Gjennomført LIS 1
  • Gyldig norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar blir vektlagd

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • Møter pasientar og pårørande med respekt og tryggleik
  • Er sjølvstendig og nøyaktig
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team

Kvifor skal du velje oss?

  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Kontaktinformasjon

Ingvild Svåsand, Funksjonsleiar - legar, +47 47758854

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5034347090
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.11.2025

Ingvild Svåsand

BedriftIngvild Svåsand

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt