Voss herad Hagahaugen barnehage

Likar du å arbeida med barn? Då treng Hagahaugen barnehage deg!

OmrådeEvanger
Publisert15.5.2024
Søk senest14.6.2024

Om stillingen

 Hagahaugen barnehage har ledig 100% fast stilling som barne og ungdomsarbeidar frå 1.8.24

Om Hagahaugen barnehage:

Hagahaugen barnehage starta opp i august 2022. Barnehagen har plass til 50 barn i alderen 1-6 år. Me held til på toppen av Voss, i Hagahaugen rehabilitetssenter, kring 2 km frå Voss sentrum.
Barnehagen har kort veg til skogen, og har fine turmoglegheiter rett utanfor døra. Alle barn som går i Hagahaugen barnehage skal få oppleve tryggleik, felleskap og meistring i kvardagen. 

Voss herad tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Kvalifikasjonskrav: 

  • fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
  • andre søkjarar med relevant erfaring kan bli vurdert

Arbeidsoppgåver: 

  • planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar
  • delta i daglege gjeremål som måltid, påkledning og stell
  • vera ein god og varm vaksen som bidreg til at barna får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen.

Me ynskjer: 

  • deg som er ein tydeleg vaksenperson med gode evner til omsorg
  • deg som har fokus på barna sitt beste, er samarbeidsvillig og kan arbeida sjølvstendig
  • deg som er utviklingsorientert, engasjert , fleksibel og løysingsorientert
  • deg som er blid, omgjengelig og ein god lagspelar

Godkjend politiattest må framleggast før tiltreding i stillinga

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune
for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjordt sjølv om søkjaren har bede om ikkje å
verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg å legg ved vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema:Søk her

Voss herad Hagahaugen barnehage

BedriftVoss herad Hagahaugen barnehage
Om bedriftenLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Søk etter flere lignende stillinger