Jobbsafari
Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT AS

Leveransekoordinator - det store biletet

24 dager siden
OmrådeBergen
Søk senest30.9.2024

Om stillingen

Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit, med cirka 1300 system og rundt 37 000 medarbeidarar. Sidan 2004 har Helse Vest IKT levert IT-utstyr og IT–løysingar til heile Helse Vest, og vi aukar jamleg trykket på innovasjon og nyvinningar til forenkling av pasientkvardagen.

Avdeling for Tenesteproduksjon har ansvar for drift og forvalting av all IKT-relatert infrastruktur for alle helseføretaka i Helse Vest. Vi arbeider med å levere tenester av høg kvalitet, og oppetid innan område som PC-drift, nettverk, server, lagring, databasedrift, applikasjonsdrift, telefoni og sjukesignalanlegg.

Den vi ser etter evnar å sjå det store biletet, og arbeidet vil strekke seg frå mindre prosjekt, som oppgradering av infrastruktur, til utfasing av heile serverløysingar, samt implementering av nye. Teamet består idag av to leveransekoordinatorar.

Arbeidsstad er i Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • Koordinering av oppgraderingar
  • Oppfølging av mindre interne prosjekt
  • Koordinering av leveransar på tvers av seksjonar
  • Rådgjevnad

Kvalifikasjonar

  • Bakgrunn frå IKT-fag
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Erfaring med koordinering på tvers av fagdisiplinar
  • God teknisk IT-forståing og erfaring frå tilsvarande stillingar er ein føremon. Det same er kjennskap til ITIL-rammeverket.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å snakke om teknologi til folk med ulike bakgrunnar
  • Evne til å strukturere din eigen arbeidskvardag, tidsrammer og prioriteringar
  • Evne til å katalogisere og hente fram kunnskap frå andre prosjekt, med det mål å heve dagens nivå
  • Ein imøtekomande personlegdom

Vi tilbyr

  • Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som indirekte bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet
  • Gode moglegheiter for personleg initiativ og styring av det faglege, samt interessante utfordringar
  • Fleksitid
  • Lunsjpause er inkludert i arbeidstida
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Harald Flaten, Avdelingsleiar, +47 95 94 52 37


Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29


5052 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT



Referansenr.: 4854739081


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 30.09.2024



Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT AS

BedriftTenesteproduksjon, Helse Vest IKT AS
Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.



Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.



Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.



Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger