Marit Synnøve Kjetland

Lettmatros i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Møkstrafjord

OmrådeBergen
Publisert3.12.2025
Søk senest18.12.2025

Om stillingen

Lettmatros  - 2 veker på jobb og 4 veker fri!

Grunna endring av vaktordninga i sambandet Hufthamar - Krokeide, som i dag blir trafikkert av vår elektriske ferje MF Møkstrafjord, har vi no ledig stilling som lettmatros.

2 veker fri og 4 veker fri sommerhalvåret, og 1 veke på og 2 veker fri vinterhalvåret.

Som lettmatros blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord og bidreg til trygg, effektiv og miljøvenleg ferjedrift. Hos oss får du ein variet og spanande arbeidskvardag med utfordringar som gir nyttig erfaring. Du blir inkludert i eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Som  medarbeidar i Norges leiande ferjerederi får du ikkje berre ein trygg jobb, men også gode karrieremoglegheiter og verdifull kompetanse for framtida.

Reisekostnadar til og frå dekkast av rederiet.

Arbeidsoppgåver

Ein lettmatros har ansvar for fortøyning, lasting og lossing, billettering og kundehansaming. Du deltek i brukvakt og utfører vedlikehald, reinhald og andre oppgåver som vert pålagdt av nærmaste overordna. I tillegg har du ansvar knytt til tyrggleik, alarminstruks og verne- og miljøarbeid om bord.

Kvalifikasjonar

  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som lettmatros.
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Manglande krise- og passasjerhandteringskurs vert dekka av rederiet for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein påliteleg lettmatros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
  • Treningsmoglegheiter om bord.
  • Sjøvakt 1:2
  • Ein bur om bord i arbeidsperiode.
  • Reisekostnadar til og frå arbeid dekkast av rederiet.

Kontaktinformasjon

Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, [email protected]

Arbeidsstad

5392 Storebø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5006818077
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2025

Marit Synnøve Kjetland

BedriftMarit Synnøve Kjetland

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt