Om stillingen
Om arbeidsstaden
Samfunnsutvikling er ei eining med om lag 35 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår plan- og byggesak, overordna miljø- og planarbeid, folkehelse, drift og vedlikehald, beredskap, brann og redning, næring og landbruk, infrastruktur og utbyggingsprosjekt.
Om stillinga
Austevoll kommune er ein kommune i vekst, og kommunen har mange spennande utbygging- og utviklingsprosjekt. Vi ønsker å styrke arbeidet vårt med prosjektstyring og prosjektleiing, og søker etter ein motivert og kompetent leiar for prosjekt og utbygging. Som leiar for prosjekt og utbygging vil du ha ei nøkkelrolle knytt til utvikling og leiing av kommunen sine byggeprosjekt frå idéfase til ferdige prosjekt. I tillegg vil du vere ansvarleg for å utvikle overordna system og struktur knytt til prosjektstyring.
Stillinga ligg i stab og rapporterer til kommunalsjef samfunnsutvikling.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Prosjektutvikling, prosjektleiing, og ivareta kvalitet, økonomi, framdrift og FDV-dokumentasjon.
- Planlegge og prosjektere nybygg, anlegg samt vedlikehalds- og oppgraderingstiltak på kommunal bygg- og anleggsmasse.
- Utarbeiding av konkurransegrunnlag og gjennomføre tilbodsprosess i samsvar med lov om offentlege anskaffelser.
- Følge opp utføring og leverandørar som byggherre, oppfølging av innleigde rådgivvarar og konsulentar.
- Ta i vare kommunen sitt krav som byggherre i samsvar med byggherreforskrifta.
- Internkontroll og SHA-arbeid i prosjekta.
- Utarbeide system og rutinar som sikrar god prosjektstyring i alle fasar.
- Identifisere videre behov innafor eininga og bidra til planlegging av framtidige tiltak.
- Saksbehandling og rapportering innanfor eige arbeids- og ansvarsområde.
- Leie og gjennomføre kommunale prosjekt frå vedtak til ferdigstilling, inkludert økonomi og rapportering
Kvalifikasjonar
Formelle kvalifikasjonskrav
- Relevant høgare utdanning
- Erfaring frå entreprenør- eller byggherresida med prosjektutvikling, porteføljestyring, prosjektleiing og byggjeleiing av større byggjeprosjekt
- God kompetanse på byggherreforskrifta
- God kunnskap om offentlege anskaffelser og anbodsprosessar.
- Ønskeleg med kunnskap om digital infrastruktur
- Erfaring frå offentleg forvaltning er ønskeleg, men ikkje eit krav
Vidare må du ha
- god vurderingsevne
- evne til initiativ og planlegge arbeidet
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- stor arbeidskapasitet
- god økonomisk forståing
- førarkort kl. B
Søkar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søker deg som er strukturert, resultatorientert og ikkje minst har ein god gjennomføringsevne. I tillegg må du ha gode samarbeidsevner og vere ein god relasjon- og nettverksbygger.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Du kan ikkje sende søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista vert offentleggjort.
Austevoll Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Faglig Ansvarlig Lærlinger
Oslo - Kone Norway - Publisert 28.4.2025Vi søker daglig leder til Validé Haugesundregionen
Kokk til sommerrestaurant - Villa Lofoten
Vestvågøy - Villa Lofoten AS - Publisert 27.4.2025Stallmedarbeider / gårdshjelp på hesteavlsgård
Tønsberg - O Søndre - Publisert 27.4.2025Daglig leder/eier av Joker Storgatbakken
Tromsø - Storgatbakken Dagligvarer AS - Publisert 27.4.2025