Legevikarar sommaren 2025
Om stillingen
50-100 % stilling som legevikar for sommaren 2025.
Stilling innan verksemd for legetenester og akutt helseberedskap innanfor arbeidsområda legevakt, ØHD-avdeling og/eller offentlege legetenester (tilsynslege sjukeheim/ helsestasjon).
Fortløpande tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
Kombinasjon av arbeidsoppgåver innanfor dei ulike områda kan evt. tilpassast noko ut i frå interesseområde og/eller relevant arbeidserfaring. Kombinasjonar vil bli drøfta med den enkelte kandidat.
Arbeidsoppgåver legevakt:
- Akutt helsehjelp og øvrig tilhøyrande legevaktsarbeid.
Arbeidsoppgåver ØHD:
- Vurdere mottak av pasientar etter henvisning frå fastlege, legevaktslege og legar ved sjukehus.
- Inn- og utskriving samt klinisk legearbeid i høve til pasientar med gjennomsnittleg liggetid på 3 dagar.
- Deltaking i beredskapsvaktordning knytta til døgndrift ved ØHD-avdelinga.
Arbeidsoppgåver sjukeheim:
- Tilsynslege ved sjukeheim med klinisk legearbeid i avdeling.
Arbeidsoppgåver helsestasjon:
- Tilsynslege ved helsestasjon med tilhøyrande arbeid.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- God kunnskap om norsk lovverk.
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- God på på kommunikasjon og samarbeid.
- Evne til å jobbe i team.
- Personleg eignaheit for stillinga vektleggast.
Personlege eigenskapar
- Personleg skikka for stillinga.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskaper.
- Godt humør og positiv framtoning.
- Engasjert og fleksibel.
- God arbeidskapasitet og trivsel med høgt arbeidstempo.
- Lojal mot arbeidsplass og kollegaer
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivelige arbeidskollegaer.
- Godt opplæringsløp og introduksjon tilpasset rolle og arbeidsoppgåver.
- Bakvakt som kan kontaktast ved behov.
- Spanande, varierende og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- God turnusordning mtp. vaktarbeid, og ved behov tilpassa veiledningstid.
- Fagutvikling via vekesmøter, internundervisning og kursing.
Kontaktinformasjon
Anne Sofie Valgermo, verksemdsleiar, 902 00 066, [email protected]Linn Jenny Husøy Morsund, Avdelingsleiar, 414 46 306, [email protected]
Arbeidsstad
Postboks 15216025 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4894654572
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 22.04.2025
Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Arbeidsleder, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 28.3.2025TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025