Jobbsafari
Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune

Lege - tilkallingsvikar legevakt

OmrådeSykkylven
Publisert6.8.2024
Søk senest5.7.2025
Søk på jobb

Om stillingen

Vi treng fagleg dyktige legar som vil arbeide som tilkallingsvikar ved vår flotte Sykkylven-Stranda interkommunal legevakt!

Sykkylven-Stranda interkommunal legevakt har sentralbord ved Ålesund legevakt og lokalisert i Sykkylven Legesenter fra 16:00 til 08:00 og har egne legevaktslegar som er spesialistar i allmennmedisin. Fastlegane våre delar legevakt kvar 10. helg fra 08:00 til 16:00. Vi har også sjukepleiarressurs i legevakta fra kl. 10:00 til 23:00. Daglegevakt er organisert blant kommunens legar/fastlegar på tilhøyrande legesenteret i Sykkylven og Stranda.

Legevakta driftast på kveld, natt og i helger. Det er sjukepleiar på jobb samen med legen mellom kl: 10:00 ? 22:00 i helgene og fra 16:00 til 23:00 i vekedagene.

Du må kunne jobbe nøyaktig og sjølvstendig, vere fleksibel og ansvarsbevisst.

Vi legg vekt på at våre pasientar skal behandlast med respekt, og bli ivaretatt på en høfleg og vennleg måte.

Ved Sykkylven- Stranda interkommunal legevakt er det bakvakt både helg, aften og på natt. Legen har kvilande natt i 3. etasjen over legevakten.

Arbeidsoppgåver
  • Handtere dei vanlegaste kontaktårsakane på legevakt sjølvstendig
  • Vurdere i samråd med AMK kva ressursar som trengs for å handtere akutte tilstandar (ambulanse, brann/redning, luftambulanse, røde kors, bakvakt osv.)
  • Samarbeide tverrprofesjonelt i eit akuttmedisinsk team
    Kvalifikasjonar
    • Autorisasjon som lege
    • Søker må beherske norsk skriftlegg og munnleg
    • Vaktkompetent for legevaktarbeid
    • Kurs i akuttmedisin
    • Vold og overgrepshandtering
    • Nødnettkurs. Kan arrangeres av Indre Salten legevakt
    • AHLR er ønskeleg
    • Søkjar må ha førerkort klasse B
    Personlege eigenskapar
    • Erfaring frå arbeid med akuttmedisin
    • Personlig egnaheit vil bli vektlagt
    • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • Evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og kreativt
    • Evne til å håndtere samtidighetskonflikt
    Vi tilbyr
    • Utfordrende og utviklende arbeidsoppgaver
    • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
    • Lønns- og arbeidsvilkår iht. gjeldende avtaleverk SFS 2305

    Offentlegheit
    Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
    KontaktinformasjonGulay Candan Kar, Einingsleiar Sykkylven Legesenter og Sykkylven-Stranda interkommunal legevakt , 47728672, [email protected]
    ArbeidsstadHaugneset 20
    6230 Sykkylven
    Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

    Referansenr.: 4838384045
    Stillingsprosent: 0%
    Anna
    Søknadsfrist: 06.07.2025

    Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune

    BedriftSykkylven Legesenter, Sykkylven kommune
    Om bedriften

    Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

    Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
    Sjå meir frå Sykkylven
    her

    Søk etter flere lignende stillinger