Lege i spesialisering kirurgi
Om stillingen
Vi har ledig eit vikariat i 100% stilling fra 15.12.2025!
I denne stillinga får du moglegheit til å bygge brei erfaring og utvikle deg fagleg som kirurg, i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og positivitet. Du blir ein del av eit engasjert kollegium som behandlar eit variert spekter av kirurgiske tilstandar, og dette gir deg eit solid grunnlag for vidare spesialisering og fagleg vekst.
Arbeidsoppgåver
Deltaking i vakarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk og operasjonKvalifikasjonar
- Søkar må ha norsk autorisasjon som lege
- Godkjend LIS1
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha interesse for det kirurgiske fagfeltet
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er strukturert, engasjert og arbeidsom
- Du medverker til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast i eit aktivt miljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her .
Kontaktinformasjon
Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar, +47 93066118, [email protected]Arbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5036117670
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.12.2025
Søknadsfrist: 14.11.2025

