Helse Bergen Hf

Lege i spesialisering i ortopedi

Område

Bergen

Publisert

8.7.2026

Søk senest

10.7.2026

Om stillingen

Om stillinga

Har du lyst til å bli ortoped?

Vi vil utdanne fleire spesialistar i ortopedi, og lyser ut vikariat i eitt år for søkar både med og utan erfaring i ortopedi. Vi har høgt volum på dei fleste oropediske behandlingar og mange dyktige kollegaer. Vi har derfor dei beste føresetnader for å utdanne gode ortopedar. Vi satsar på høg kvalitet i utdanninga og at våre LIS-3 legar skal trivast i faget. Vikariatet er ledig snarest.Ortopedisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus har 5 seksjonar; traume, rygg/tumor, protese, ortopediske infeksjonar og barn. Avdelinga drifter 7 operasjonsstover dagleg, derav 2 stover/dag er reservert øyeblikkelig hjelp og 2 stover er dagkirurgi.

Avdelinga har 12 LIS-3 som roterer i arbeidsplanen 2 gonger i året. I løpet av utdanninga skal LIS-3 rotere innom fagområda protese, overekstremitet, rygg, tumor, fot, kne, skulder, traume, barn og infeksjon. I tillegg roterer LIS-3 til Skadepoliklinikken kvar 12. veke (ein del av Ortopedisk klinikk). LIS-3 får tildelt rettleiar og supervisor (supervisor kvart halvår). Fordjupingstid ligg i arbeidsplanen. Avdelinga har organisert undervisning 4 gonger kvar veke.

Vikariatet kan tene som del av spesialistutdanninga.

Arbeidsoppgåver

  • Lege inngår i ordinær vaktordning, for tida 12-delt vakt
  • Deltar i utgreiing og behandling av ortopediske pasientar
  • Klinikken er knytt til Det medisinske fakultet, institutt for kirurgiske fag ved UiB, og har ansvar for undervisning av medisinarstudentar. Legar deltar i undervisning etter nærare avtale

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS3-stilling i ortopedi
  • Erfaring frå tidlegare arbeid innan ortopedisk kirurgi og forsking er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner, og evne til å arbeide systematisk og effektivt
  • Bidra aktivt til godt arbeidsmiljø
  • Interesse for forsking

Vi tilbyr

  • Teneste gjev utdanning i akutt og elektiv ortopedi i henhald til gjeldande spesialistreglar for hovudutdanninga
  • Rettleiing etter gjeldande avtalar samt eit godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag
  • Lønn iht gjeldande overeinskomst


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge

Klikk for å leggje til kart

Kontaktinformasjon

Jonas Meling Fevang

Avdelingssjef

Telefon: +47 40200607

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tilbake til toppen

Helse Bergen Hf

Bedrift

Helse Bergen Hf

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Bergen

Lignende stillinger

Materialplanlegger

Ikm Gruppen AS

Stavanger12.7. - 13.8.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS