Jobbsafari
Fyresdal Kommune Helse Og Omsorg

Lege i Nordsjøturnus - 100 % vikariat

1 måneder siden
OmrådeFyresdal
Søk senest17.3.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Har du lyst til å jobbe 2 veker på og ha 4 veker fri? Då bør du vurdere å søke på stillinga som lege i Fyresdal kommune!

Fyresdal kommune har innført Nordsjøturnus og med det også legevaktsordning i eigen kommune. Vi har tilsett 3 legar i Nordsjøturnus som saman delar ei fastlegeliste og har legevakt i arbeidsperioden sin. Ein av desse legane skal ut i svangerskapspermisjon og vi søker derfor etter ein vikar. Oppstart etter avtale. Vikariatet vil vare 1 år med moglegheit for forlenging.

Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. På helsesenteret er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Helsesenteret er godt utstyrt og vi nyttar journalsystemet Infodoc. Det samla fagmiljøet består av kommuneoverlege, 3 legar i Nordsjøturnus, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, helsestasjon, psykisk helse/rus og fysioterapitenesta. Vi har interkommunale samarbeid i høve til jordmor, barnevern og psykologteneste. Fyresdal tannklinikk held også til i same bygg.

Arbeidsoppgåver:

  • Fastlege
  • Tilsynslege
  • Helsestasjonslege
  • Legevaktslege

Kvalifikasjonskrav:

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Gjennomført LIS1 kommunehelsetenesta

Vi ynskjer at du har:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta, men samtidig bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Evne til å jobbe under press
  • Handlekraft, likar utfordringar, er fleksibel og utviklingsorientert

Samansetning av teamet samt personlege eigenskapar og samarbeidsevner vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit godt fagmiljø med gode kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fastløn
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Ein jobb i ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA)
  • Bustad innreidd etter dagens standard

Tilsettingsvilkår:

  • Ved tilsetting blir det stilt krav om politiattest.
  • Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.

Kontaktperson ved spørsmål:

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus på [email protected] eller 99691499, eller til avdelingsleiar helse Anne Veum på [email protected], 35 06 73 11 eller 95 17 74 21.

Søknadsfrist:

Søknadsfrist for stillinga er 17.03.2024.

Velkommen som søkar!

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring.

Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov.

Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Fyresdal Kommune Helse Og Omsorg

BedriftFyresdal Kommune Helse Og Omsorg
Om bedriften

Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger