Legar i spesialisering
Om stillingen
Medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus har ledig årsvikariat for legar i spesialisering (LIS 2/3) frå 01.09.2025.
Det er ønskjeleg med søkjarar som ser føre seg framtidig overlegearbeid i Medisinsk avdeling, Helse Førde. For alle spesialitetar, utgjer LIS 2 indremedisin naudsynt basis og høve til å prøve ut kva framtidig spesialitet ein ønskjer. Viser elles til gjeldande avtaleverk for legar i spesialisering.
Seksjonen har 14 overlegestillingar, 10 LIS 2-stillingar, 8 LIS 3 og 8 LIS1 og er godkjend for spesialisering innan kardiologi, nefrologi, gastroenterologi og lungesjukdomar. Det er søkt om godkjenning for utdanning innan akutt-og mottaksmedisin (AMM) og framhald av godkjenning innan generell indremedisin. AMM er under oppbygging som spesialitet i Helse Førde og har ein viktig funksjon i styring av pasientflyt i akuttmottak og i oppfølging av observasjonspost. 6 LIS 3 går i AMM-vakt.
Frå hausten 2024 har vi teke i bruk nytt sengepostbygg, observasjonspost og scopisentral.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er knytt til akuttmottak, sengepost, overvakingssenger, medisinsk intensivavdeling og til poliklinikk
- Vakthavande LIS 2 kan bli rådspurt i høve innleggingar for dei medisinske seksjonane ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid
- Det er utstrakt tverrfagleg teamarbeid både i vakt-, sengepost- og poliklinisk arbeid og AMM-lege er sentral samarbeidspart til LIS 2-vakta
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
- Søkjar må vere autorisert til å jobbe som LIS 2 og må ha gjennomført LIS 1-teneste i Noreg
- Erfaring som LIS frå indremedisinsk avdeling er ein fordel
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og like å jobbe i eit tidvis hektisk miljø
Vi tilbyr
- Tett og godt samarbeid med LIS og overlegar og med anna personell i avdelinga
- Støttande og trygt arbeidsmiljø
- Kontinuerleg fagutvikling og utdanningsverksemd for LIS 1-3
- Grunnløn etter tariff
- Individuelt tillegg kr 30.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hildur Thingnes, Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS, 578 39 317Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4891230937
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 17.12.2024
Medisinsk legeteneste FSS, Helse Førde
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 27.12.2024Bli Regnskapskonsulent hos Norges største entreprenør - Veidekke! (Søk uten CV og søknadsbrev)
Oslo - Ansettr AS - Publisert 17.1.2025Sesongarbeider i 100% stilling i perioden 1. mai ? 30. september 2025
Harstad - Harstad Kirkelige Fellesråd - Publisert 17.1.2025Ferievikariat for sommeren 2025 innen helse- og omsorgstjenestene
Overhalla - Overhalla Kommune Hjemmehjelp/hjemmesykepleie - Publisert 17.1.2025Faglært kokk
Gran - Sanner Hotell AS - Publisert 17.1.2025