Jobbsafari

Ledige undervisningsstillingar i grunnskulane

OmrådeSandane
Publisert13.2.2024
Søk senest12.3.2024

Om stillingen

Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og grunnskuleopplæring for vaksne. Skulane jobbar tett i lag med å skape Gloppenskulen med fokus på fagleg utvikling og eit godt og inkluderande skulemiljø. Kommunen satsar på Betre Tverrrfagleg insats (BTI) og Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Vi  har prosjekt saman med Høgskulen i Vestland (Dekomp), og saman med Læringssenteret i Stavanger jobbar vi for eit godt og trygt læringsmiljø for alle.

Skulane har gode fasilitetar for idrett og friluftsliv. Administrasjonsmålet er nynorsk. 

Vi lyser ut ledige stillingar for komande skuleår. Skulane som har behov for å tilsetje er Breim skule, Sandane skule og Gloppen opplæringssenter. Det kan kome andre behov utover våren som kan medføre tilsetjing ved dei andre skulane. Det vil vere både faste stillingar og vikariat. Søkjarar vert oppmoda om å prioritere arbeidsstad i søknaden.


Arbeidsoppgåver

Aktuelle arbeidsstadar:

  • Breim skule: 1-7 skule med kring 90 elevar og 23 tilsette. Skulen er PALS-skule. 
  • Sandane skule: Fulldelt 1-7 skule med to parallellar og om lag 280 elevar. 49 tilsette. På Sandane skule treng dei primært nye tilsette i 1. til 4. klasse.
  • Gloppen opplæringssenter: Vaksenopplæring med omlag 100 elevar og 10 tilsette. Skulen skal starte modulbasert grunnskuleopplæring frå august 2024, og treng difor fleire tilsette med kompetanse i basisfaga norsk, engelsk, matematikk og naturfag, som kan undervise i grunnskuleklassane for vaksne. 

Arbeidsstadar som kan bli aktuelle for tilsetting:

  • Hyen skule: 1-10 skule med kring 40 elevar.
  • Gloppen ungdomsskule: Ungdomsskule med tre parallellar og rundt 220 elevar.
  • Nordstranda skule: 1-7 skule med om lag 95 elevar. Skulen er PALS-skule.

Vikarar: Alle skulane ynskjer kontakt med tilkallingsvikarar som kan stille på snarast. Ta kontakt med rektorane i tillegg til å sende inn søknad på stilling.

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer lærarar som har:

  • godkjend pedagogisk utdanning for arbeid som grunnskulelærar 1-7 eller 5-10 eller faglærarar. Det er viktig med basisfag og krav om formell kompetanse
  • fleire basisfag (norsk, engelsk, matematikk), spesialpedagogikk og norsk som andrespråk.
  • kompetanse på byrjaropplæring.
  • digital kompetanse
  • kompetanse i kunst og handverk
  • god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål.
  • undervisningserfaring, god kompetanse på klasseleiing og røynsle som kontaktlærar.
  • gode personlege eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematikk, inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø.

Menn blir særleg oppmoda til å søkje.

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
  • Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Kontaktinformasjon

Gro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, 906 19 713
Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 913 31 262
Sonja Jordanger Loen, Rektor Gloppen opplærinssenter, 990 85 505
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, 957 78 875
Grete Aa Sandal, Rådgjevar oppvekst, +47 413 09 539

Arbeidsstad



Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4768018301
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.03.2024

Gloppen Kommune Oppvekst

BedriftGloppen Kommune Oppvekst
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger