Om stillingen
Vil du vera med å støtta elevane i Bømloskulen si læring og utvikling – fagleg, sosialt og personleg?
Bømlo kommune har ledige undervisningsstillingar frå 01.08.2026. Me ser etter lærarar som vil bidra til å skapa gode og trygge læringsmiljø, som set elevane i sentrum og som er motivert til å gje dei best mogleg opplæring. Me ser fram til å ha deg med på laget i Bømloskulen!
Stillingane vil i hovudsak vera årsvikariat/vikariat i heiltids- og deltidsstillingar. Det er enno ikkje avklart på kva barneskular og ungdomsskular det vil bli ledige stillingar. Du vil likevel i søknaden få spørsmål om på kva skule du ynskjer stilling, og her kan du nemne fleire skular om du vil.
Meir utfyllande informasjon om dei åtte grunnskulane i Bømlo; Bremnes ungdomsskule, Svortland skule, Moster skule, Meling skule, Rubbestadneset skule, Hillestveit skule, Våge skule og Gilje skule, finn du på heimesida til Bømlo kommune.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i barneskulen og/eller ungdomsskulen.
- Kontaktlærar/faglærar/spesialpedagog.
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse i minst eit av desse faga: matematikk, norsk, engelsk, samt i andre undervisningsfag og spesialpedagogikk.
- Framandspråk er etterspurd.
- Relevant erfaring er ein fordel.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Personlege eigenskapar
- God klasseleiar- og relasjonskompetanse.
- Utviklingsorientert og samarbeidsvillig.
- Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med skulefagleg rådgjevar Kristine Sætre
Kontaktinformasjon
Kristine Sætre, 953 66 282Arbeidsstad
Kulturhusvegen 225430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5082575306
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Mellombels, Vikar
Søknadsfrist: 15.03.2026