Jobbsafari
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Ledige stillinger på sjøvaktsavtale i sambandet Krakhella-Rysjedalsvika-Rutledal

1 måneder siden
OmrådeKrakhella
Søk senest5.6.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Bli med på verdas største grøne revolusjon inan fergenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennlege ferger- og hurtigbåttransport i marknaden! 

Fjord1 søker nå etter 1.styrmann, 1.maskinist og lettmatros som ønsker å jobbe på sjøvaktsavtaler med 1:2 på sambandet Krakhella-Rysjedalsvika-Rutledal, pt MF Losna. 

Reise til og frå arbeid dekkast.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


Arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar:

1.styrmann:

  • Minimum D4-sertifikat
  • ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

1.maskinist:

  • Minimum M4-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsforeskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Lettmatros:

  • 6 mnd tenestetid dekk eller anna relevant erfaring. ref Kvalifikasjonsforeskriften
  • Sikkerhetskurs
  • Gyldig helseerklæring
  • Krise- og passasjerhandtering

Personlege eigenskapar

  • Godt humør
  • Evne til å arbeide tett med mennesker over tid
  • God til å kommunisere
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, Norsk Maskinistforbund og Norsk Sjømannsforbund.
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Siv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, +47 95700962


Arbeidsstad



Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS



Referansenr.: 4815231226


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 05.06.2024



Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

BedriftFjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Om bedriftenFjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger