Jobbsafari
Lægreid Skule

Ledige stillingar Lægreid skule

1 måneder siden
OmrådeEidfjord
Søk senest17.3.2024
JobbdetaljerAnnet

Om stillingen

Ledige stillingar ved Lægreid skule og SFO, skuleåret 2024/2025:

  • Lærar 100% fast, arkivsakID 24/183
  • Fagarbeidar inntil 89% fast, arkivsakID 24/187
  • Skuleassistent 50% mellombels, arkivsakID 24/185

Søknadsfrist: 17. mars 2024.

Kven me søkjer etter:

Vi søkjer lærar som har god kompetanse i klasseleiing og i variert bruk av digitale læringsverktøy i undervisninga, og har fokus på å skape gode relasjonar med elevane. Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i engelsk (60stp), og gjerne med musikk eller spesialpedagogikk i fagkretsen.

Det er behov for lærar med grunnskuleutdanning 1.-7. eller 5.-10., og elles at søkjar har erfaring i å undervise på tvers av trinna i grunnskulen. Kontaktlærar kan vere aktuelt. Det er kombinasjonen av ønska kvalifikasjonar til søkjaren, saman med allereie eksisterande kompetanse på Lægreid skule, som vil danne grunnlag for tilsetjing.

Dei som vert tilsett som fagarbeidarar vil arbeide både i skulen og SFO. Ein må rekne med å arbeide i fleire klassar. Som fagarbeidar/assistent er det ynskjeleg at ein er med i symjeopplæringa, og gjennomfører livredningsprøve ved oppstart.

Stilling skuleassistent, tyder at ein jobbar skulerute, altså 190 dagar + 5 planleggingsdagar. Ein har fri alle elevfrie dagar. I ei 50% stilling som skuleassistent, jobbar ein 21 timar i veka for å jobbe inn friperiodene.

Utlysinga gjeld også for stillingar som det kan vere behov for utover våren og sommaren.

Personlege eigenskapar:

  • likar å arbeide med barn og unge
  • god relasjonskompetanse
  • er ein motivert, engasjert og profesjonsbevisst tilsett og kollega
  • bidreg til trivsel og eit godt og inkluderande skulemiljø og arbeidsmiljø
  • kan samarbeide med fleire for best mogeleg tilrettelegging for våre elevar

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.

Kva me tilbyr:

Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Løn etter gjeldande avtaleverk. Attestar og vitnemål må leggjast fram før tilsetjing. Politiattest vil bli krevd i samband med tilsetjinga jfr. Opplæringslova §10.9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.


Søknad:

Fullstendige stillingslysingar og søknadsskjema finn du på heimesida under ledige stillingar.

Skriftleg søknad sendast inn via elektronisk skjema Søknad på stilling (eidfjord.kommune.no)

Merk søknad med: arkivsakID for den aktuelle stillinga du søkjer.

Søknadsfrist: 17. mars 2024.


For spørsmål, ta kontakt med:

Rektor Anne Underdal tlf. 922 28 448 eller assisterande rektor Hilde Anette Bu,

tlf. 913 46 788.

Lægreid Skule

BedriftLægreid Skule
Om bedriften

Lægreid skule (1-10 trinn) ligg fint til i Eidfjord, med basseng, idrettshall og stort uteområde rundt seg, som både skule og SFO nyt godt av. Skulen har felles varm lunsj for elevane kvar dag. Med naturen tett på, er det sjølvsagt med uteskule for heile barnetrinnet kvar veke. Skulen deltek i Trivselsleiar-programmet.

Lægreid skule er godt utstyrt med digitale hjelpemiddel og læringsressursar. Skulen er Smart Ambassadør, og har Smartboard i alle klasserom. Dei 105 elevane våre har pc eller iPad 1:1, og nyttar digitale læringsressursar i alle fag.

Lignende stillinger