Ledige Kvilande Nattevakter ved Osterøy Avlasting
Om stillingen
Om stillinga
Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansetteutfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Osterøy Avlasting har to kvilande nattevakter ledig. Ein på 21,9 % og ein på 14,08 %. Stillingane er i en arbeidsplan på ca kvar 4 helg, med nokon unntak. Hovudmålet for avlastingstilbodet er å gje eit trygt og godt sted for barnet / ungdommen, og at foreldra skal oppleve reell avlasting under oppholdene. Vi vil også vere ein god lagspiller for den einskilde familie. God omsorg, meiningsfulle aktivitetar og utvikling hos den einskilde vil stå i fokus. Avlasting er ein spanande arbeidskvardag kor du blir kjent med mange barn med ulike behov og utfordringar, ingen dag er lik! Det gjer at vi må vere fleksibel og ha eit høgt fagleg fokus.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn på natt og bistå/rettleie etter behov.
- Bidra til å skape trygghet og trivsel.
- Ha fokus på relasjonsbygging
- Følge opp tiltak og prosedyrer.
- Delta i faglig arbeid knytt til bebuarene.
- Delta i legemiddelhandtering ved behov.
- Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Praktiske gjeremål i bustad.
- Delegerte oppgåver fra næraste leiar.
Vi tilbyr
- Spennende utfordringar både fagleg og personleg.
- Høg etisk standard og fagleg nivå.
- Opplæring med introduksjon til fagfeltet med tema som: utviklingshemming, tilrettelegging og arbeid i andre sin heim, etisk refleksjon, bruk av tvang og makt, seksuell helse, brannvern og førstehjelp mv.(digital opplæring og fysiske arrangement).
- Du får også opplæring i bustaden.
- Løn etter tariff og kompetanse.
- Gode pensjons og forsikringsvillkår
- Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonskrav
- Interesse for omsorgsfag og arbeid med mennesker med utviklingshemming.
- Helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå brukergruppa.
- Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.
- Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting.
- Vi oppmodar ōg søkjarar utan formell utdanning, men med relevant erfaring og kompetanse, til å søkje.
Kven er du?
- Du er punktlig og til å stole på.
- Du er ansvarsbevisst.
- Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.
- Du er god på å samarbeide med andre.
- Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med.
- Du er pålitelig, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar!
- Du er fleksibel og gjør det som trengs.
- Du er lojal mot felles beslutningar.
- Du spør når det er noe du er usikker på.
- Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.
- Personlig egnethet vil verte vektlagt.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Osterøy Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 28.1.2025Gartnertekniker
Færøerne - Búnaðarstovan - Publisert 28.1.2025VERO MODA Byporten søker butikkselger deltid!
Oslo - Bestseller - Publisert 4.2.2025Klargjører - IEM
Stavanger - Barona Norway - Publisert 4.2.2025LABOUR LAWYER NORWAY
Gardermoen - Barona Norway - Publisert 4.2.2025