Grethe Berg Holsen

Ledige helgestillingar - avdeling for personar med demens

OmrådeOsterøy
Publisert25.9.2025
Søk senest26.10.2025

Om stillingen

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65  plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.  Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar på avdeling for pasientar med demenssjukdom. 

Det er fleire ledige helgestillingar i stillingsstorleiken 16,9% - 17,37%, med arbeid kvar tredje helg. 

I tillegg er det eit ledig vikariat på 17,61%, frå 1.9.25 - 31.8.26.

Før gjerne opp i søknadsteksten kva for stilling du er interessert i.

Me har starta prosjektet "Tid for handling", der me ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse og har nyleg starta med sjukepleiarteam. Som assistent har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og  dagleg drift av gruppa. 


Kven søkjer vi etter?

Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! 

Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 


Vi tilbyr deg

  • Ei spanande og gjevande stilling
  • God opplæring
  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapeleg omsorg og pleie
  • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
  • Målretta miljøarbeid

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk 

Grethe Berg Holsen

BedriftGrethe Berg Holsen

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai31.10. - 30.11.
Anbefalt