Monica Smedsrud

Ledige faste stillingar som helsefagarbeidar

OmrådeBømlo
Publisert6.3.2026
Søk senest20.3.2026

Om stillingen

Er du ein engasjert og omsorgsfull helsefagarbeidar som ønskjer å bidra til eit trygt og godt miljø for både pasientar og kollegaer? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Bømlo bu- og helsesenter har fleire ledige faste stillingar i 13,85–100 % stillingsbrøk ved Post 2 Sør. Avdelinga har 25 langtidsplassar og skal no auke avdelinga til 32 langtidsplassar. Me tilbyr årsturnus med arbeid kvar 3. helg, og oppstart etter avtale. 

Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø. Avdelinga startar no i TØRN- nettverk, der du får høve til å vera med på å forme framtidas sjukeheimstilbod.  


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver.
  • Dokumentere i henhold til lov og forskrift.
  • Opplæring og veiledning av nye tilsette og lærlingar.
  • I saman med avdelinga sitt øvrige personale vere med å utvikle eit godt arbeidsmiljø.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar.
  • Sjukepleiar/vernepleiar, samt assistentar med snarleg fagbrev kan og søkje.
  • Du må beherske norsk både munnleg og skriftleg, og minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå.

Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider godt sjølvstendig, men trivs også godt i samarbeid med andre.
  • Du er løysingsorientert, tek initiativ og viser ansvar i møte med både pasientar og utfordringar i kvardagen.
  • Du kommuniserer klart og respektfullt, og møter menneske med eit inkluderande og positivt syn. 
  • Du er fleksibel og tilpassingsdyktig, og handterer endringar og nye situasjonar med tryggleik og profesjonalitet.
  • Du bidreg aktivt til utvikling – både av deg sjølv, kollegaene dine og arbeidsmiljøet som heilskap.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.

Andre opplysningar

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte søkjarar om å søkje stilling uavhengig av bakgrunn. 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25. 
  • Ved intern omrokkering i verksemda kan det, i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk, bli aktuelt å tilsetje fleire i tilsvarande stillingar. 

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Chatrin P. Risøy. 

Kontaktinformasjon

Chatrin P. Risøy, Avdelingsleiar, 474 52 732, [email protected]
Monica Smedsrud, Verksemdleiar, +47 404 85 607, [email protected]

Arbeidsstad

Leirdalen 25
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5092395378
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2026

Monica Smedsrud

BedriftMonica Smedsrud

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Overingeniør / senioringeniør

Sjøfartsdirektoratet

Haugesund14.4. - 4.5.
Ny