Ledig stilling som fagansvarleg sjukepleiar!
7 måneder sidenOm stillingen
Hellandtunet ligg flott til på Myra i Vestnes kommune. Eininga består av tre bygningar; Mariebo, Oppigarden og Ivartun. Mariebo og Oppigarden er plassar for personar med demens.
Ivartun er i utgangspunktet tolv plassar for eldre med psykisk utviklingshemming, men ein har for tida inne fleire personar med demens.
Vi har eit godt arbeidsmiljø og fagleg fokus i tjenestene våre.
Stillingstype
Det er ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar med fagansvar ved Ivartun. Eininga er organisert med ein fagansvarleg sjukepleiar på kvart hus, i tillegg til einingsleiar og merkantil. Stillinga har primært dagvakter på vekedagar og noko seinvakter knytt til arbeid kvar tredje helg. Det er fleire kontordagar i turnus. Tett samarbeid med einingsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med rutiner og retningslinjer
- Koordinering og samordning av personalressurs
- Arbeide for fagleg kvalitetssikring og utvikling
- Sikre eit hensiktsmessig rapportsystem, sikre god informasjonsflyt og dokumentasjon
- Ansvar for opplæring/oppfølging Helseplattformen
- Ansvar for nytilsette og studentar
- Oppfølging av legevisitt
- Medisinbestilling/administrering
- Holde fagmøter
- Kontakt opp mot pårørande
- Iverksette og følgje opp sjukepleietiltak
- Prøvetaking
Kvalifikasjonar
- offentleg godkjent sjukepleiar
- du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- datakunnskap, gjerne kjennskap til helseplattformen
- relevant praksis, gjerne erfaring med demens og/eller PU
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha god kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- er stabil og fleksibel
- fagleg engasjert
- ha godt humør og vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna og har gode referansar
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- tilsette i sjukepleiarstilling ved Ivartun som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet, årsløn pr. dato kr 556 600,-
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga!
Oppgi referanser.
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Link til søknadsskjema:
Søk herVestnes kommune Ivartun
Hellandtunet består av tre frittliggande avdelingar; Mariebo og Oppigarden med totalt 16 plassar for personar med demens, og Ivartun som er ein sjukeheim for personar med psykisk utviklingshemming, med 12 plassar. Avdelingane har god fagleg standard og god kvalitet på tenestene. Avdelingane ligg i idylliske område med kort avstand til sentrum. Ein har også lett tilgang til turområde og diverse aktivitetar.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 11.9.2024Varmepumpemontør Mosjøen
Mosjøen - Ptg Helgeland AS - Publisert 4.10.2024Sykepleier / Vernepleier / Miljøterapeut / Helsefagarbeider
Sola - Våken nattevakt, Mobilt team, Sola kommune - Publisert 4.10.2024Overlege/LIS lege
Levanger - Alderspsykiatri, Klinikk for psykisk helsevern og rus, Sykehuset Levanger - Publisert 4.10.2024Langvakter på helg
Garnes - Seimshovden bofellesskap, Bergen kommune - Publisert 4.10.2024