Jobbsafari

Ledig stilling som ergoterapeut

2 måneder siden
OmrådeTreungen
Søk senest5.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Vil du vere ergoterapeut i Nissedal kommune? Me har ein særs spennande stilling som ergoterapeut i 100 %

2. gongs utlysing - Id 2023/1496

Som ergoterapeut i Nissedal kommune vil du vere ein sentral person innanfor områda demensomsorg, kvardagsmestring og ergoterapi. Me har stort fokus på framtidsretta og heilskapelege tenestar til våre innbyggarar.

Me håper akkurat DU søkjer hjå oss

Arbeidsoppgåver:

Arbeide tverrfagleg med tenestekontor, fysioterapeut, demenskoordinator og andre samarbeidspartnarar, når det gjeld kartleggingar, funksjonsvurdering og tilrettelegging av aktivitetar for heimebuande både med eit demensfokus og mestringstankegang/ kvardagsmeistring

Vere med på å starte opp dagsentertilbod til heimebuande personar med demens. Rundt 40 % av stillinga vil vere å drifte dagsenter tilbodet

Ordinære ergoterapi oppgåver knytta til hjelpemidlar.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert ergoterapeut
  • Engasjert
  • God muntleg og skriftleg kommunikasjonsevne
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Sjølvstendig samtidig som du har gode samarbeidsevner
  • Respekt, forståing og empati for brukarar, samarbeidspartnarar og kollegaer
  • Høg arbeidsmoral
  • Nytenkande og medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenester og arbeidsmiljø
  • Ynskjeleg med erfaring innan demensomsorg, men ikkje eit krav

Me opnar for at søkarar med helsefagleg utdanning på høgskulenivå (bachelor) kan vurderast dersom dei bind seg til å fullføre ergoterapiutdanning. Ein vil få noko studiestøtte og tilrettelegging, slik at studiet kan gjennomførast på 4-5 år. Bindingstid på 2 år etter fullført studie.

Me tilbyr:

  • Ein særs spennande stilling, kor du er med på å utvikle og påverke framtidas tenestetilbod i Nissedal kommune
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finnar gode løysingar saman
  • Mogeligheiter for kompetansehevande tiltak, gjennom relevant vidareutdanning og intern kompetanseheving
  • Lønn etter avtale

For stillinga gjeld: Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar. Vanlege løns- og pensjonsvilkår. Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Nissedal Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger