Jobbsafari
Vestnes kommune Ivartun

Ledig stilling for sjukepleiar eller vernepleiar!

1 måneder siden
OmrådeVestnes
Søk senest31.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Hellandtunet ligg flott til på Myra i Vestnes kommune og består av Ivartun som er ei avdeling for eldre med psykisk utvklingshemmning med 12 plassar, samt Mariebo og Oppigarden som er avdelingar for personar med demenssjukdom. Vi har ein flott sansehage, og eit godt arbeidsmiljø.

Stillingstype
Det er ledig 2 stk 100 % stillingar for sjukepleiar ved Ivartun frå snarast.  Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg. Vernepleiarar er også velkomne til å søke! 

Arbeidsoppgåver
- sjukepleiefagleg oppgåver i tråd med rutiner og retningsliner
- tverrfagleg samarbeid
- rettleiingsansvar
- ivareta krav i høve dokumentasjon

Kvalifikasjonar
- offentleg godkjent sjukepleiar
- du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- datakunnskap, gjerne kjennskap til Helseplattformen
- relevant praksis innanfor demens og/eller psykisk utviklingshemming
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha god kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar
- er stabil og fleksibel
- fagleg engasjert
- ha godt humør og bidra til det gode arbeidsmiljøet vårt
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna, og har gode referansar

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- tilsette i sjukepleiarstilling ved Ivartun som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet, årsløn pr. dato kr 556 600,-

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanser.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.


Link til søknadsskjema:

Søk her

Vestnes kommune Ivartun

BedriftVestnes kommune Ivartun
Om bedriften

Hellandtunet består av tre frittliggande avdelingar; Mariebo og Oppigarden med totalt 16 plassar for personar med demens, og Ivartun som er ein sjukeheim for personar med psykisk utviklingshemming, med 12 plassar. Avdelingane har god fagleg standard og god kvalitet på tenestene. Avdelingane ligg i idylliske område med kort avstand til sentrum. Ein har også lett tilgang til turområde og diverse aktivitetar.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger