Suldal kommune Erfjord skule

Ledig pedagog/lærar ved Erfjord skule - mellombels stilling

OmrådeSuldal
Publisert12.12.2024
Søk senest26.12.2025

Om stillingen

Det er ledig inntil 200% stilling som vikar for lærar ved Erfjord skule frå 01.01.25 til 31.07.25

Om stillinga:

Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil væra med å utvikla eit godt skulemiljø der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisninsgkompetanse for grunnskule eller anna relevant høgskuleutdanning.
  • Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
  • Du må vera fleksibel og positiv.
  • Hå pågangsmot og vera utviklingsorientert.
  • Suldalsskulane nyttar ny læreplan med læringsbrett.
  • Du må trivast saman med elevar og føresette.
  • Søknad frå andre utan undervisningskompetanse kan verta vurdert.

Personlege eigenskapar:

  • Vera positiv og ha god relasjonskompetanse.
  • Ha god kommunikasjon og tydeleg klasseleiing
  • Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning.
  • Ha god innsikt i lærarrolla og arbeida målretta.
  • ha vilje til fleksibilitet og vera utviklingsorientert

I  Suldal kommune får du:

  •  Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  •  Engasjerte og dyktige kollegaer
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar
  •  Bedriftshelseteneste
  •  Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  •  Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  •  Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  •  Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  •  Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  •  Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist

Slik søkjer du:

  •  Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på Ģsend søknadģ og følg vidare instruksjonar.
  •  Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  •  Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00

 Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Suldal kommune Erfjord skule

BedriftSuldal kommune Erfjord skule
Om bedriftenVelkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt

Hertz Tromsø Lufthavn søker en dedikert og serviceinnstilt Customer Sales Representative

The Hertz System, Inc.

Tromsø8.12. - 13.12.
4 dager igjen