Ledig helgstillinger og 40% vikariat
Om stillingen
Sjå her !
Me treng meir hjelp på helger, assistentar, studenter, fagarbeiderar og/eller Miljøterapeutar til vårt team ved Kåsa bu- og avlastning. Hos oss får du mogleheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til mennesker med ulike behov, og bidratt til at dei opplever meistring, tryggleik og livskvalitet.
Den eine helge stillinga kan utvides med eit vikariat på 40% i eit år.
Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 6 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder, og i hjelpebehovet.
Vår kompetanse er særlig knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk. Vi har eit breitt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet.
Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagleg utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Avdelinga har årsturnus, der du kan velge mellom langvaktar, ordinære vakter og arbeid kvar 3 eller 6 helg.
Vi håpar DU søkjer og ynskjer deg velkomen til oss !
Arbeidsoppgåver
- Fremme målretta metodisk miljøarbeid
- Yte praktisk bistand og veiledning i daglege aktivitetar
- Dokumentasjon i henhold til gjeldende rutiner
- Handtere uførutsette situasjonar på fagleg og etisk forsvarleg måte
- Fylgje opp individuelle planar og mål
- Jamleg samarbeid med pårørande og andre fagpersonar
- Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Må kunne beherske digitale verktøy.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B, manuell.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.
Gyldig politiattest må leggast fram før arbeidsforholdet startar. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
- Du har god samarbeidsvilje
- Du tilpassar deg og er open for endringar
- Du er engasjert og løysingsorientert
- Du har positiv innstilling og haldning
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i ei verksemd i endring.
- Årsturnus med moglegheit til å påverke eigen turnus, langvakter eller vanlige vakter på 6 hver eller 3 hver helg
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
- Lønn etter tariff.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- Eininga har fokus på kompetanse utvikling og har ulike studieordningar for tilsette
- Regelmessige fagmøter rundt den enkelte brukar er fastsett i turnus.
Anna:
Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med eit ev. intervju.
Kontaktinformasjon
Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18
Arbeidsstad
Treungvegen 505
3855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5044221730
Stillingsprosent: 16,67%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025
