Elisabet Nyhus

Ledig 100% stilling som Vernepleier/Miljøterapeut

OmrådeNissedal
Publisert21.11.2025
Søk senest14.12.2025

Om stillingen

 Sjå her !

Vi søker deg, som er engasjert og fagleg dyktig miljøterapeut til vårt team ved Kåsa bu- og avlastning. Hos oss får du mogleheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til mennesker med ulike behov, og bidrege til at dei opplev meistring, tryggleik og livskvalitet.

Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 6 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder,  og i hjelpebehovet.

Vår kompetanse er særlig knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk. Vi har eit breitt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet.

Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagleg utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.

Avdelinga har årsturnus, kor du er med å utforme din eigen turnus etter dine behov og ynskjer. Du kan velge mellom langvaktar, ordinære vakter og arbeid kvar 3 eller 6 helg.

Vi håpar DU søkjer og ynskjer deg velkomen til oss !


Arbeidsoppgåver

  • Evt. Medikamenthandtering
  • Fremme målretta metodisk miljøarbeid, samt delta i bebuaranes daglege aktivitetar og gjeremål
  • Koordinere tenester og samarbeide tverrfagleg
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer
  • Handtere uførutsette situasjonar på fagleg og etisk forsvarleg måte
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver
  • Jamleg samarbeid med pårørande
  • Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleier eller anna relevant høgskule kompetanse
  • Må kunne beherske digitale verktøy.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B, manuell.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.

Gyldig politiattest må leggast fram før arbeidsforholdet startar. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Du har god samarbeidsvilje
  • Du tilpassar deg og er open for endringar
  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du har positiv innstilling og haldning
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Vernepleiartillegg på kr 70 000, mot ei bindingstid på 2 år. Tillegget vidareførast kvart 2. år dersom tilsett held fram i stillinga.
  • Varierte arbeidsoppgåver i ei verksemd i endring.
  • Årsturnus med moglegheit til å påverke eigen turnus. Du kan velje mellom langvakter med arbeid kvar 6. helg, ordinære vakter kvar 3. helg, eller ein kombinasjon av desse.
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
  • Lønn etter tariff, med ein inngangsansiennitet på 10 år. Kommunen har eige ansiennitetssteg på 22 år.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • Du får avsett tid i turnus til administrative oppgåver.
  • Regelmessige fagmøter rundt den enkelte brukar er fastsett i turnus.

Anna:
Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med eit ev. intervju.

Kontaktinformasjon

Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18

Arbeidsstad

Treungvegen 505
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5043670503
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025

Elisabet Nyhus

BedriftElisabet Nyhus

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Subsea Inventor Designer

Ikm Gruppen AS

Stavanger23.1. - 6.2.
Ny